Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Ingen
Sentrale tema i emnet er viktige institusjonar i det norske samfunnet med vekt på offentleg forvalting, politiet og domstolane si rolle, organisasjonsliv og økonomi.
standardtekst
Studenten
- har oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå,
- har grunnleggjande oversikt over norsk historie sidan 1945.
- har kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerar forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.
- har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk.
Studenten
- kan skrive tekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer.
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
Studenten
- kan setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider.
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis.
Emnet er obligatorisk for studentar på bachelor i journalistikk og PR, kommunikasjon og media, og valfritt for andre bachelorprogram både haust og vår. For å kunne gjennomførast i vårsemesteret, krev det minimum 15 undervisningspåmelde studentar.
Emnet vert undervist ved førelesingar i kombinasjon med gruppe- og temaseminar.
1. Kvar student skal skrive tre (3) artiklar i løpet av emnet. Artiklane skal vere forma som kronikkar/essay eller ein annan journalistisk sjanger etter avtale med emneansvarleg. Artiklane skal vere knytt til tidsaktuelle eller tidlause politiske problemstillingar i det norske samfunnet som blir delt ut ved i fyrste halvdel av semesteret. Artiklane skal leverast til bestemte fristar.
2. Utvalde artiklar skal leggast fram på to seminar der medstudentar og lærarar skal kommentere oppgåvene. Det er obligatorisk å delta på begge seminara.
3. Kvar student skal levere eit anonymt evalueringsskjema om emnet. Skjemaet er lagt ut i Fronter. Studentane leverer eigenmelding til faglærar om at anonym evaluering er gjennomført.
Emnet blir evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |