Semesters
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Ingen
Sentrale tema i emnet er viktige institusjonar i det norske samfunnet med vekt på offentleg forvalting, politiet og domstolane si rolle, organisasjonsliv og økonomi.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- har oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå,
- har grunnleggjande oversikt over norsk historie sidan 1945.
- har kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerar forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar.
- har kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk.
- kan skrive tekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer.
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing.
- kan setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider.
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis.
Emnet vert undervist ved førelesingar i kombinasjon med gruppe- og temaseminar.
1. Kvar student skal skrive tre (3) artiklar i løpet av emnet. Artiklane skal vere forma som kronikkar/essay eller ein annan journalistisk sjanger etter avtale med emneansvarleg. Artiklane skal vere knytt til tidsaktuelle eller tidlause politiske problemstillingar i det norske samfunnet som blir delt ut ved i fyrste halvdel av semesteret. Artiklane skal leverast til bestemte fristar.
2. Utvalde artiklar skal leggast fram på to seminar der medstudentar og lærarar skal kommentere oppgåvene. Det er obligatorisk å delta på begge seminara.
3. Kvar student skal levere eit anonymt evalueringsskjema om emnet. Skjemaet er lagt ut i Canvas. Studentane leverer eigenmelding til faglærar om at anonym evaluering er gjennomført.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- PR, Communication and Media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |