Semesters

SASOS112 Individ og velferdssamfunn

Course code: 
SASOS112
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2020 Spring
Assessment semester: 
2020 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Godkjende arbeidskrav 1 - 3 i SASOS111

Course content

Menneske blir påverka av og tilpassar seg samfunnet vi høyrer til. Kunnskap om korleis dette skjer, er viktig i sosialt arbeid. Det er heller ikkje berre samfunnet som påverkar oss - vi påverkar også samfunnet. Kunnskap om korleis desse tilpassingane skjer gjennom heile livsløpet er viktig i sosialt arbeid. I dette emnet skal studentane lære meir om samspelet mellom individ og samfunn, og mellom menneske i samfunnet. For å kunne hjelpe menneske i ulike livssituasjonar er det også grunnleggande å kjenne oppgåvene til velferdsstaten og vekselverknaden mellom systemet og den einskilde brukaren. Studentane skal utvikle kunnskap om sentrale utfordringar relatert til oppvekst og familie, migrasjon og fleirkultur i det norske samfunnet, og om det sentrale lovverket knytt til trygd, helse, migrasjon og straffesystem. Studentane skal også utvikle kunnskap om førebygging som strategi og empowerment i endringsarbeid, og dei skal få grunnleggande innføring i etikk, vitskapsteori, menneskeverd og menneskerettar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • korleis velferdsstaten vaks fram og korleis synet på barn og familie har endra seg historisk
  • barn si livsverd og sentrale utfordingar knytt til oppvekst og familie i nyare tid
  • migrasjon og fleirkulturelle samfunn, og risikoen for marginalisering og diskriminering av innvandra minoritetar
  • førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • empowerment i endringsarbeid
  • sentrale sosialpsykologiske teoriar knytt til myndiggjering og brukarmedverknad
  • rettssystem, juridisk metode og forvaltningsrett, trygde- og helserett, utlendingsrett og menneskerettar, og straffe- og prosessrett
  • etiske og vitskapsteoretiske spørsmål i sosialt arbeid
Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • reflektere over og presentere eigne erfaringar med deltakande observasjon
  • gjennomgang av faglitteratur og skriving av fagtekst innanfor ei sjølvvald problemstilling
  • analysere fagartiklar og praksisnære kasus
  • samarbeid med andre om skriftlege og praktiske arbeidskrav
  • gje og ta imot tilbakemeldingar på fagleg arbeid i gruppe og medstudentrelasjonar
  • bruke fagomgrep og teoriar til å drøfte fenomen som er sentrale i sosialt arbeid
  • å analysere samhandling mellom profesjonsutøvarar og brukarar
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for menneske, utan omsyn til alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
  • samhandle på likeverdig grunnlag med medstudentar om kollektive arbeidsoppgåver
  • skrive fagtekst i samsvar med krav til fagskriving
  • reflektere kritisk over korleis profesjonsutøvarar påverkar dei ein samarbeider med
  • reflektere kritisk over etiske utfordringar i profesjonsutøving
Working and learning activities

Emnet er organisert i tematiske bolkar, der ein tek opp sentrale tema og problemstillingar frå det sosialfaglege feltet. 

I fleire av dei ulike bolkane er det skrivekurs og obligatoriske arbeidskrav. Vi bruker varierte arbeidsformer som problembasert læring, skriftlege og praktiske arbeidskrav, førelesingar og seminar. I emnet nyttar vi også rettleiing og/eller tilbakemelding frå fagtilsette og/eller medstudentar som viktige arbeidsformer. Sjølvstudium og arbeid med obligatoriske arbeidskrav er sentrale arbeidsmåtar for å realisere læringsutbytta for SASOS112.

Assessment requirements

Arbeidskrav:

  1. Arbeidskrav i juridiske emne
  2. Skisse og førsteutkast til individuell skriftleg oppgåve, og studentrespons til begge
  3. Kasus- og artikkelanalyse med presentasjon på seminar
  4. Munnleg presentasjon på video eller skriftleg refleksjonsnotat knytt til tverrprofesjonelt samarbeid

Nærare om innhald, innlevering/gjennomføring og godkjenning vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte/gjennomførte og godkjende til fastsett tid for å få høve til å ta eksamen.

Arbeidskrav 1 - 4 og arbeidskrav 4 i SASOS111 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Margrete Homlong Øyehaug
Roar Stokken
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
49
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Oppgave
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
51
Approval signature: 
Randi Bergem 10.10.2019