Semesters

SASOS112 Individ og velferdssamfunn

Course code: 
SASOS112
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Individ og velferdssamfunn
Teaching semester: 
2019 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Individ og velferdssamfunn
Assessment semester: 
2019 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Godkjende arbeidskrav 1 - 3 i SASOS111

Course content

Menneske blir påverka av og tilpassar seg samfunnet vi høyrer til. Kunnskap om korleis dette skjer, er viktig i sosialt arbeid. Det er heller ikkje berre samfunnet som påverkar oss - vi påverkar også samfunnet. Kunnskap om korleis desse tilpassingane skjer gjennom heile livsløpet er viktig i sosialt arbeid. I dette emnet skal studentane lære meir om samspelet mellom individ og samfunn, og mellom menneske i samfunnet. For å kunne hjelpe menneske i ulike livssituasjonar er det også grunnleggande å kjenne oppgåvene til velferdsstaten og vekselverknaden mellom systemet og den einskilde brukaren. Studentane skal utvikle kunnskap om sentrale utfordringar knytt til oppvekst og familie, migrasjon og fleirkultur i det norske samfunnet samt om det sentrale lovverket knytt til trygd, helse, migrasjon og straffesystem. Studentane skal også utvikle kunnskap om førebygging som strategi og empowerment i endringsarbeid og få grunnleggande innføring i etikk, vitskapsteori, menneskeverd og menneskerettigheiter.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha kunnskap om:

  • korleis velferdsstaten vaks fram og korleis synet på barn og familie har endra seg historisk
  • barn si livsverd og sentrale utfordingar knytt til oppvekst og familie i nyare tid
  • migrasjon og fleirkulturelle samfunn, og risikoen for marginalisering og diskriminering av innvandra minoritetar
  • førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
  • empowerment i endringsarbeid
  • sentrale sosialpsykologiske teoriar knytt til myndiggjering og brukarmedverknad
  • rettssystem, juridisk metode og forvaltningsrett, trygde- og helserett, utlendingsrett og menneskerettar, samt straffe- og prosessrett
  • etiske og vitskapsteoretiske spørsmål knytt til sosialt arbeid
Learning outcome skills

Studenten skal ha ferdigheiter i å:

  • reflektere over og presentere eigne erfaringar med deltakande observasjon
  • gjennomgang av faglitteratur og skriving av fagtekst knytt til ei sjølvvald problemstilling
  • analysere fagartiklar og praksisnære kasus
  • samarbeid med andre om skriftlege og praktiske arbeidskrav
  • gje og ta imot tilbakemeldingar på fagleg arbeid i gruppe og medstudentrelasjonar
  • bruke fagomgrep og teoriar til å drøfte fenomen som er sentrale i sosialt arbeid
  • å analysere samhandling mellom profesjonsutøvarar og brukarar

 

 

Learning outcome qualification

Studenten skal kunne:

  • vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for menneske, utan omsyn til alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
  • samhandle på likeverdig grunnlag med medstudentar om kollektive arbeidsoppgåver
  • skrive fagtekst i samsvar med krav til fagskriving
  • reflektere kritisk over korleis profesjonsutøvarar påverkar dei ein samarbeider med
  • reflektere kritisk over etiske utfordringar i profesjonsutøving

 

 

Working and learning activities

Emnet er organisert i tematiske bolkar, der ein tek opp sentrale tema og problemstillingar frå det sosialfaglege feltet. 

Til fleire av dei ulike bolkane er det knytt skrivekurs og obligatoriske arbeidskrav. Vi bruker varierte arbeidsformer som problembasert læring, skriftlege og praktiske arbeidskrav, førelesingar og seminar. I emnet nyttar vi også rettleiing og/eller tilbakemelding frå fagtilsette og/eller medstudentar som viktige arbeidsformer. Sjølvstudium og arbeid med obligatoriske arbeidskrav er sentrale arbeidsmåtar for å realisere læringsutbytta for SASOS112.

Undervisningselement som ber preg av prosesslæring eller ferdigheitslæring og som ikkje kan prøvast i eksamen, vil ha særskilt frammøte- og deltakingskrav.Gjennom denne organiseringa ønskjer vi å skape ein klar struktur i studiet og å styrke studentane sin læreprosess.

 

 

 

Assessment requirements

Arbeidskrav:

  1. Arbeidskrav i juridiske emne
  2. Studentrespons på skisse samt på 1. utkast til individuell skriftleg oppgåve
  3. Kasus- og artikkelanalyse med presentasjon på seminar
  4. Munnleg presentasjon i seminar og skriftleg individuelt refleksjonsnotat knytt til samarbeid i kompliserte saker der brukaren deltek
  5. Credo-prosjektet: gjennomføre og skriftleggjere intervju av medstudent, samt fagleg refleksjonssamtale med rettleiar
  6. Refleksjon over gruppeprosessar

Nærare om innhald, innlevering og godkjenning vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid for å få høve til å ta eksamen.

Arbeidskrav 1 - 6 samt arbeidskrav 4 i SASOS111 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

 

Obligatorisk deltakingsplikt:

Det er krav om obligatorisk frammøte og deltaking i følgjande undervisningsaktivitetar:

1. Temadagar

2. Seminar (som ikkje er ein del av eit arbeidskrav)

3. Refleksjonsgrupper

Undervisingsaktivitetane i pkt. 1 - 3 må vere gjennomført ved tilstrekkjeleg frammøte og deltaking godkjend for å kunne gå opp til eksamen.

Evaluation system
Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Margrete Homlong Øyehaug
Roar Stokken
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
4 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
49
Noregs lover eller særtrykk av lovverket
Oppgave
Individual
Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
51
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 11.10.18