Semesters
SASOS112 Individ og velferdssamfunn
Godkjende arbeidskrav i SASOS111/SAF111
I dette emnet er målet at studentane skal utvikle kunnskap om sentrale utfordringar knytt til oppvekst og familie, migrasjon og fleirkultur i det norske samfunnet samt om det sentrale lovverket knytt til trygd, helse, migrasjon og straffesystem.
Studentane skal også utvikle kunnskap om førebygging som strategi og empowerment i endringsarbeid. Vidare skal studentane få grunnleggande innføring i etikk, menneskeverd og menneskerettigheiter.
I tillegg skal studentane få kjennskap til ulike kunnskapar for å betre forstå utfordringar i velferdsstaten.
Studentane skal utvikle grunnleggande kunnskapar om vitskapsteori.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne skal studenten kunne ha kunnskap om:
- sentrale utfordringer knytt til oppvekst, familie og livsløp
- migrasjon, fleirkultur, marginaliseringsprosesser og diskriminering
- førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
- empowerment i endringsarbeid
- sentrale sosialpsykologiske teoriar
- rettssystem, juridisk metode og forvaltningsrett, trygde- og helserett, utlendingsrett og menneskerettigheiter, samt straffe- og prosessrett
- etiske og vitskapsteoretiske spørsmål knytt til sosialt arbeid
- vidareutvikle kunnskap om skriveprosessar og kjeldebruk som grunnlag for tekstutvikling og refleksjon
Etter fullført emne skal studenten kunne ha ferdigheiter i:
- å vidareutvikle ferdigheiter i skriveprosessar og kunne nytte faglege kjelder som grunnlag for tekstutvikling og refleksjon
- å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre om skriftlege og praktiske arbeidskrav
- å kunne ta i mot og gje tilbakemeldingar på eige og medstudentar sitt arbeid (medstudentrespons)
Etter fullført emne skal studenten kunne ha generell kunnskap i:
- å vise grunnleggande toleranse, interesse og respekt for menneske, uansett alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
Emnet er organisert i tematiske bolkar, der ein tek opp sentrale tema og problemstillingar frå det sosialfaglege feltet. Dette er: Bolk 5 – Observasjonspraksis, Bolk 6 – Oppvekst og familie, Bolk 7 - Migrasjon og det fleirkulturelle samfunn, Bolk 8 – Juridiske emne, Bolk 9 - Førebyggjande arbeid, Bolk 10 – Empowerment og endringsarbeid og Bolk 11 – Fagleg fordjuping og eksamensførebuing.
Til fleire av dei ulike bolkane er det knytt skrivekurs og obligatoriske arbeidskrav. Gjennom denne organiseringa ønskjer vi å skape ein klar struktur i studiet og å styrke studentane sin læreprosess. Vi bruker varierte arbeidsformer som observasjonspraksis, problembasert læring, skriftlege og praktiske arbeidskrav, i tillegg til førelesingar og seminar. I emnet nyttar vi også rettleiing og/eller tilbakemelding frå fagtilsette og/eller medstudentar som viktige arbeidsformer. Sjølvstudium og arbeid med obligatoriske arbeidskrav er sentrale arbeidsmåtar for å realisere læringsutbytta for SASOS112.
Deltakinga på undervisningsaktivitetane vert rekna for heile emnet. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.
Alle arbeidskrav i SASOS112 må vere godkjende for å få starte på SASOS121.
Arbeidskrav:
- Seminarpresentasjon frå observasjonspraksis. Munnleg fagpresentasjon i seminar. Nærare informasjon går fram av semesterplanen. Det kan bli gitt eit alternativt individuelt arbeidskrav på 2500 ord
- Individuell skriftleg oppgåve knytt til bolk 6 og/eller 7 på om lag 2500 ord. Arbeidskravet kan trekkast ut til mappe-eksamen
- Gruppepresentasjon i seminar knytt til problembasert læring i bolk 9 og/eller 10. Individuelt refleksjonsnotat på om lag 1500 ord. Refleksjonsnotatet kan trekkast ut til mappe-eksamen
- Credo-prosjektet: gjennomføre og skriftleggjere intervju av medstudent.
- Skriftleg arbeidskrav ved slutten av emnet (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar
Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.
Det er etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga. Emnet har studentforum og eige evalueringsseminar på klassenivå.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 4 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 51 | Noregs lover eller særtrykk av lovverket | ||
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 49 |