Semesters
SASOS112 Individ og velferdssamfunn
Godkjende arbeidskrav 1 - 3 i SASOS111
Menneske blir påverka av og tilpassar seg samfunnet vi høyrer til. Kunnskap om korleis dette skjer, er viktig i sosialt arbeid. Det er heller ikkje berre samfunnet som påverkar oss - vi påverkar også samfunnet. Kunnskap om korleis desse tilpassingane skjer gjennom heile livsløpet er viktig i sosialt arbeid. I dette emnet skal studentane lære meir om samspelet mellom individ og samfunn, og mellom menneske i samfunnet. For å kunne hjelpe menneske i ulike livssituasjonar er det også grunnleggande å kjenne oppgåvene til velferdsstaten og vekselverknaden mellom systemet og den einskilde brukaren. Studentane skal utvikle kunnskap om sentrale utfordringar relatert til oppvekst og familie, migrasjon og fleirkultur i det norske samfunnet, og om det sentrale lovverket knytt til trygd, helse, migrasjon og straffesystem. Studentane skal også utvikle kunnskap om førebygging som strategi og empowerment i endringsarbeid, og dei skal få grunnleggande innføring i etikk, vitskapsteori, menneskeverd og menneskerettar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- korleis velferdsstaten vaks fram og korleis synet på barn og familie har endra seg historisk
- barn si livsverd og sentrale utfordingar knytt til oppvekst og familie i nyare tid
- migrasjon og fleirkulturelle samfunn, og risikoen for marginalisering og diskriminering av innvandra minoritetar
- førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
- empowerment i endringsarbeid
- sentrale sosialpsykologiske teoriar knytt til myndiggjering og brukarmedverknad
- rettssystem, juridisk metode og forvaltningsrett, trygde- og helserett, utlendingsrett og menneskerettar, og straffe- og prosessrett
- etiske og vitskapsteoretiske spørsmål i sosialt arbeid
Studenten skal ha ferdigheiter i å:
- reflektere over og presentere eigne erfaringar med deltakande observasjon
- gjennomgang av faglitteratur og skriving av fagtekst innanfor ei sjølvvald problemstilling
- analysere fagartiklar og praksisnære kasus
- samarbeid med andre om skriftlege og praktiske arbeidskrav
- gje og ta imot tilbakemeldingar på fagleg arbeid i gruppe og medstudentrelasjonar
- bruke fagomgrep og teoriar til å drøfte fenomen som er sentrale i sosialt arbeid
- å analysere samhandling mellom profesjonsutøvarar og brukarar
Studenten skal kunne:
- vise grunnleggjande toleranse, interesse og respekt for menneske, utan omsyn til alder og sosial, kulturell, religiøs eller livssynsbasert tilhøyrsle
- samhandle på likeverdig grunnlag med medstudentar om kollektive arbeidsoppgåver
- skrive fagtekst i samsvar med krav til fagskriving
- reflektere kritisk over korleis profesjonsutøvarar påverkar dei ein samarbeider med
- reflektere kritisk over etiske utfordringar i profesjonsutøving
Emnet er organisert i tematiske bolkar, der ein tek opp sentrale tema og problemstillingar frå det sosialfaglege feltet.
I fleire av dei ulike bolkane er det skrivekurs og obligatoriske arbeidskrav. Vi bruker varierte arbeidsformer som problembasert læring, skriftlege og praktiske arbeidskrav, førelesingar og seminar. I emnet nyttar vi også rettleiing og/eller tilbakemelding frå fagtilsette og/eller medstudentar som viktige arbeidsformer. Sjølvstudium og arbeid med obligatoriske arbeidskrav er sentrale arbeidsmåtar for å realisere læringsutbytta for SASOS112.
Arbeidskrav:
- Arbeidskrav i juridiske emne
- Skisse og førsteutkast til individuell skriftleg oppgåve, og studentrespons til begge
- Kasus- og artikkelanalyse med presentasjon på seminar
- Munnleg presentasjon på video eller skriftleg refleksjonsnotat knytt til tverrprofesjonelt samarbeid
Nærare om innhald, innlevering/gjennomføring og godkjenning vil gå fram av informasjon i Canvas. Arbeidskrava må vere innleverte/gjennomførte og godkjende til fastsett tid for å få høve til å ta eksamen.
Arbeidskrav 1 - 4 og arbeidskrav 4 i SASOS111 må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Social Work - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 49 | Noregs lover eller særtrykk av lovverket | ||
Oppgave | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 51 |