Semesters

SOS156 Teori og arbeidsmåtar i sosialfagleg arbeid

Course code: 
SOS156
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
30
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Spring
Assessment semester: 
2022 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
SOS151 Introduction to Social Work
SOS152 Public health, migration and marginalisation
SOS153 Introduction to legal method and welfare law
Course content

Det er eit mål at studentane skal tileigne seg kunnskap og utvikle fagleg og metodisk kompetanse som gjer at dei kan forstå og utøve sosionomen sine yrkesfunksjonar. Brukarorientering, etisk refleksjon og kunnskapsbasert analytisk tilnærming står sentralt i emnet, og det blir lagt vekt på bevisstgjering av eige verdigrunnlag og eigne haldningar. Målet er utvikling av personleg kompetanse: ein kombinasjon av kunnskap, eigenskapar, haldningar og ferdigheiter er viktig for utøving av godt sosialt arbeid.  

Sosionomen si yrkesrolle inneber utøving av omsorg, støtte, tenesteformidling og sosial kontroll. Relasjonell kompetanse er sentralt i yrkesrolla som sosionom. I dette semesteret vert det difor lagt vekt på øvingar som kan bidra til utvikling av god samarbeids- og relasjonskompetanse, som inneber å kunne etablere tillit og gode samarbeidsrelasjonar til brukarar, pårørande og andre hjelpetenester. I undervisninga vil dilemma kring skjøn og etisk refleksjon bli tematisert, og sett i samanheng med forståing for mandat, yrkesrolle, ulike teoretiske perspektiv og arbeidsmåtar.  

Sosialt arbeid skjer i eit tverrfagleg landskap der det er nødvendig å samarbeide med andre tenesteytarar på ulike forvaltningsnivå for å skape gode løysingar for brukaren. Utvikling av tverrprofesjonell samhandlingskompetanse blir difor særskilt vektlagt dette semesteret.  

Forvaltning av velferdstenester førset gode vurderingar som ivaretek brukarane sin rettstryggleik. Gjennom undervisning og gruppearbeid blir det lagt til rette for utvikling av god forvaltningskompetanse i arbeid med ulike metodiske og faglege utfordringar. 

 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

 Studenten skal ha:

  • brei kunnskap om sosialt arbeid sitt teorigrunnlag, arbeidsmåtar og metode som rettar seg mot individ, familiar, grupper og samfunn 

  • brei kunnskap om teoretiske perspektiv, og verdien av erfarings- og brukarkunnskap i sosialt arbeid 

  • kunnskap om kommunikasjon, relasjon og samhandling 

  • kunnskap om vilkår for meistring og utvikling gjennom heile livsløpet 

  • kunnskap om sosiale og helsemessige problem inkludert omsorgssvikt, vald, overgrep, rus- og sosioøkonomiske problem 

  • kunnskap om tverrprofesjonelt samarbeid 

  • kunnskap om sakshandsaming i Nav og i barnevernet 

  • kjennskap til ulike former for omsorgssvikt 

  • kjennskap til rehabilitering og habilitering  

 

Learning outcome skills

Studenten kan: 

  • meistre ulike metodiske arbeidsmåtar på individ-, familie,-gruppe- og samfunnsnivå 

  • beherske aktuelle metodar for kartlegging, dokumentasjon, analyse og avgjerd 

  • bruke fagleg kunnskap om relasjon og kommunikasjon i rettleiing, motivasjon og systematisk endringsarbeid i samarbeid med brukarar og pårørande  

  • samarbeide tverrfagleg i møte med menneske med behov for koordinerte tenester 

  • beherske metode i samfunnsarbeid som fremmer makt, deltaking og representasjon 

  • reflektere over eigen veremåte og kva innverknad denne har i samhandling med brukarar, pårørande og andre samarbeidspartar 

Learning outcome qualification

Studenten skal: 

  • ha brei innsikt i menneskesyn og verdiar i sosialt arbeid, profesjonsetikk og relevante etiske teoriar 

  • ha innsikt i tverrprofesjonelt samarbeid og bidra til tverrprofesjonelle perspektiv på tiltak for brukarane 

  • utøve profesjonelt skjøn i møte med teoretiske og praktiske problemstillingar 

  • analysere og reflektere kritisk over profesjonelle og etiske utfordringar i arbeidet som sosionom 

Working and learning activities

Undervisning, seminar, gruppearbeid og øvingar. Delar av undervisninga er organisert felles for barnevernspedagogutdanninga og sosionomutdanninga. 

Assessment requirements

Arbeidskrav 

  1. SOM-seminar: bekymringsmelding 
  2. Individuelt skriftleg arbeid (kasusanalyse) 
  3. Individuelt refleksjonsnotat knytt til samtaleøvingane 

Arbeidskrava må vere innleverte og godkjende til fastsett tid, slik det går fram av informasjon i Canvas. 
Alle arbeidskrav må skrivast / gjennomførast på norsk.

Obligatorisk deltaking

Det er krav om 80 % deltaking på kurs i drama og kommunikasjon.

Det er krav om 80 % deltaking på samtaleøvingar.

 

Det er krav om 80 % samla deltaking på følgjande ferdigheitstreningar:

  • SOM-seminar
  • Nettverksarbeid
  • Sosialt arbeid med grupper
  • Familiearbeid
  • Individuelt sosialt arbeid
  • Samfunnsarbeid

Nærare informasjon om obligatorisk deltaking vert gitt i Canvas. Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 om obligatorisk frammøte/ deltaking.

 

Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Ann-Iren Høgalmen
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten vel sjølv om eksamensbesvarelsen vert skrive på norsk eller engelsk.
Approval signature: 
Randi Bergem 14.12.2021