Semesters

SRS102N Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS102N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

SRS102N inneheld om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. I geografi vert det lagt vekt på klima, levekår, regionar og regionalisering, nord-sør problematikk. I historie står konfliktar og samfunnsendring frå opplysningstida fram til i dag sentralt, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. I samfunnskunnskap vert det lagt særleg vekt på menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Sentrale tverrgåande perspektiv knytt til dei ulike områda vil vere forskningsforankring, digital kompetanse, grunnleggjande dugleikar og fleirkulturelle utfordringar. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 1 N. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
  • har kunnskap om historieforståinga og historiebruken til ungdomen
  • har kunnskap om barn og unges rettar, demokrati og politisk deltaking
  • har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • har kunnskap om klima, levekår og berekraftig utvikling i ulike delar av verda
  • har kunnskap om klima, levekår, Nord-Sør problematikk, regionar og regionalisering
  • har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå opplysningstida til i dag. 
  • har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Learning outcome skills

Studenten

  • kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  • kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
  • kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
  • kan bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
  • kan skildre og analyse livsformer og levekår i ulike delar av verda
Learning outcome qualification

 Det er mål at studenten
 • kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
 • kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
 • kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
 • kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
 • kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn

Working and learning activities

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, forum for studiehjelp m.a. med rettleiingar og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Assessment requirements

For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ein fagtekst på 900 - 1200 ord innanfor kvart av fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap og fått desse godkjende.

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 1
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer:
a. Skriftleg eksamen
Oral examination
Individual
1 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
eller b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
HI 112
2
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 15.04.16