Semesters

SRS102N Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (nettbasert m/avgift)

Course code: 
SRS102N
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (nettbasert m/avgift)
Teaching semester: 
2018 Spring
Course name in Norwegian Bokmål: 
Bærekraft og globalisering
Assessment semester: 
2018 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

SRS102N inneheld om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. I geografi vert det lagt vekt på klima, levekår, urbanisering, nord-sør problematikk. I historie står konfliktar og samfunnsendring frå opplysningstida fram til i dag sentralt, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. I samfunnskunnskap vert det lagt særleg vekt på menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Sentrale tverrgåande perspektiv knytt til dei ulike områda vil vere forskningsforankring, digital kompetanse, grunnleggjande dugleikar og fleirkulturelle utfordringar. Dette emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 1 N. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • skal ha kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
  • skal ha kunnskap om historieforståinga og historiebruken til ungdomen
  • skal ha kunnskap om barn og unges rettar, demokrati og politisk deltaking
  • skal ha kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • skal ha kunnskap om klima, levekår og berekraftig utvikling i ulike delar av verda
  • skal ha kunnskap om klima, levekår, Nord-Sør problematikk, urbanisering
  • skal ha kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå opplysningstida til i dag. 
  • skal ha kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • skal ha kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • skal ha kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Learning outcome skills

Studenten

  • skal kunne arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • skal kunne bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • skal kunne planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  • skal kunne bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
  • skal kunne bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • skal kunne kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
  • skal kunne bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
  • kan skildre og analyse livsformer og levekår i ulike delar av verda
Learning outcome qualification

 Studenten

  • skal kunne leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
  • skal kunne reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • skal kunne forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • skal kunne reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
  • skal kunne kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Working and learning activities

Studiet er for nettstudentar som gjennomfører studiet ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Canvas) vert brukt aktivt m.a. til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, forum for studiehjelp m.a. med rettleiingar og arbeidsoppgåver. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Assessment requirements

For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ein fagtekst på 900 - 1200 ord innanfor kvart av fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap og fått desse godkjende.

Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer: 
a. Skriftleg eksamen eller
b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert. 

Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimum number of students: 
20
Maximum number of students: 
70
Person in charge: 
Elisabeth Teige
Costs

Kr 4.000,-

Used in other programs
  • Social Studies for Schools 1
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Written Exam
Individual
6 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer:
a. Skriftleg eksamen eller
b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert.
Oral examination
Individual
30 Minutes
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Studenten skal ved registrering i Studentweb velje ei av følgjande eksamensformer:
a. Skriftleg eksamen eller
b. Munnleg eksamen.
Der eksamensordning eventuelt ikkje er valt, vert skriftleg eksamen automatisk registrert.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
HI 112
2
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 16.10.17