Semesters
SRS102N Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i samfunnet (nettbasert m/avgift)
Ingen
SRS102N inneheld om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. I geografi vert det lagt vekt på klima, levekår, urbanisering, nord-sør problematikk. I historie står konfliktar og samfunnsendring frå opplysningstida fram til i dag sentralt, i tillegg til historiebruk og forståing av fortida hos barn og ungdom. I samfunnskunnskap vert det lagt særleg vekt på menneskerettar, politiske, økonomiske og kulturelle samfunnsforhold, nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet i emnet er knytt til den gjeldande læreplanen i grunnskulen m.a. når det gjeld tema og arbeidsmåtar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å vidareutvikle seg til ein dyktig lærar i samfunnsfag. Emnet inngår som ei eining i halvårsstudiet Skuleretta samfunnsfag 1 N.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
- kunnskap om historieforståinga og historiebruken til ungdomen
- kunnskap om barn og unges rettar, demokrati og politisk deltaking
- kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
- kunnskap om klima, levekår og berekraftig utvikling i ulike delar av verda
- kunnskap om klima, levekår, Nord-Sør problematikk, urbanisering
- kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå opplysningstida til i dag.
- kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
- kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
- kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
- bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og feridgheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
- bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitane til elevane
- bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
- kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel i samfunnsfag
- bidra til å utvikle dei munnlege ferdigheitene til elevane
- skildre og analyse livsformer og levekår i ulike delar av verda
Studenten skal kunne
- reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking hos elevane
- forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
- reflektere over eigen praksis
- finne fram til og ta i bruk oppdatert faglitteratur
- kombinere generell didaktikk og fagdidaktikk
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten ha skrive ein fagtekst på 900 - 1 200 ord innanfor kvart av fagområda geografi, historie og samfunnskunnskap og fått desse godkjende.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Social Studies for Schools 1
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
HI 112 | 2 |