Semesters

TOD201 Teaterproduksjon 3: Samtidsteater

Course code: 
TOD201
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
TOD101 Theatre production 1: Building the ensemble
TOD102 Theatre knowledge
TOD103 Theatre production 2: From realism to modernism
TOD104 Theatre production 3: Storytelling
Required prerequisite knowledge

60stp i teater- og dramafag, med eit minimum av 30stp i teaterproduksjon.

 

Course content

Teaterproduksjon 3 fordjupar seg i skodespelarteknikk etter 1960.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling av ulike teaterformer.
Med devising som produksjonsplattform vil studentane arbeide med t.d.: Viewpoints, performance, stads-spesifikt teater og/eller dokumentarteater, og utvikle framsyningar for utvalde målgrupper.
Studentane vil jobbe med:

  • Dei ulike fasane knytt til arbeidet frå idé til produkt i ulike produksjonsprosessar.
  • Skodespelarteknikk og regi-strategiar i samtidsteater (frå 1960 og fram til vår tid).
  • Analyse av teaterframsyningar.
  • Devised teaterproduksjon for ulike målgrupper.
     
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har kunnskapar om tradisjonar, intensjonar, organisering og funksjonar ved devised theatre.
  • har kunnskap om sentrale retningar innan skodespelarkunst og regi i det samtidige teater.
  • har kunnskap om utvalde prosesser for analyse, research og konseptutvikling.
     
Learning outcome skills

Studenten

  • kan utvikle framsyningar gjennom devised arbeid, med utgangspunkt i ide, tekst, stad, historisk materiale, målgruppe eller tema.
  • kan nyttiggjere seg fagkunnskap til refleksjon over teaterframsyningar, både munnleg og skriftleg.
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling, og både gi og ta imot regi og rettleiing.
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere teaterframsyningar åleine, og som deltakar i ei gruppe.
  • kan kritisk analysere eige praktisk-estetisk arbeid.
     
Working and learning activities

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrivne morgontreningar.
Teaterproduksjonen vil være ein devised framsyning i grupper, med rettleiing.

Emnet inneheld ei mindre studiereise med fokus på anten Stads-spesifikt teater eller Dokumentarteater, samt 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til research-arbeid, på omlag 1000-1500 ord, med obligatorisk rettleiing.
  • To godkjente framsyningar på Husteater, eit med fokus på regi og eit med fokus på View-points eller Performance.
  • Godkjent gjennomføring av studentdrive morgontreningsprosjekt.
     
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimum number of students: 
4
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Vibeke Preus
Expenses

Det vert lånt ut klassesett med manus. Manglande innlvering gjer ei avgift på 200,- per stk.
 

Used in other programs
  • Theatre and Drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Group
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
60
Kunstnarleg scenisk devised framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter.
Alle.
30-45 minutt.
Rapport
Individual
4 Weeks
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
40
Ein individuell produksjonsrapport, der arbeidet med framsyninga skal grunngjevast og vurderast.
Alle.
2000-2500 ord.
Approval signature: 
Aud Folkestad