Semesters
TOD201 Teaterproduksjon 3: Samtidsteater
60stp i teater- og dramafag, med eit minimum av 30stp i teaterproduksjon.
Teaterproduksjon 3 fordjupar seg i skodespelarteknikk etter 1960.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling av ulike teaterformer.
Med devising som produksjonsplattform vil studentane arbeide med t.d.: Viewpoints, performance, devising, stads-spesifikt teater og dokumentarteater, samt utvikle framsyningar for utvalde målgrupper.
Studentane vil jobbe med:
- Dei ulike fasane knytt til arbeidet frå idé til produkt i ulike produksjonsprosessar.
- Skodespelarteknikk og regi-strategiar i samtidsteater (frå 1960 og fram til vår tid).
- Analyse av teaterframsyningar.
- Devised teaterproduksjon for ulike målgrupper.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om tradisjonar, intensjonar, organisering og funksjonar ved devised theatre.
- har kunnskap om sentrale retningar innan skodespelarkunst og regi i det samtidige teater.
- har kunnskap om utvalde prosesser for analyse, research og konseptutvikling.
Studenten
- kan utvikle framsyningar gjennom devised arbeid, med utgangspunkt i ide, tekst, stad, historisk materiale, målgruppe eller tema.
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til refleksjon over teaterframsyningar, både munnleg og skriftleg.
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling, og både gi og ta imot regi og rettleiing.
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere teaterframsyningar åleine, og som deltakar i ei gruppe.
- kan kritisk analysere eige praktisk-estetisk arbeid.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstadar
- førelesingar
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrivne morgontreningar.
Teaterproduksjonen vil være ein devised framsyning i grupper, med rettleiing.
Emnet inneheld ei mindre studiereise med fokus på anten Stads-spesifikt teater eller Dokumentarteater, samt 2-3 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei individuell skriftleg oppgåve knytt til research-arbeid, på omlag 1000-1500 ord, med obligatorisk rettleiing.
- To godkjente framsyningar på Husteater, eit med fokus på regi og eit med fokus på View-points eller Performance.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Det vert lånt ut klassesett med manus. Manglande innlvering gjer ei avgift på 200,- per stk.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Group | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kunstnarleg scenisk devised framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | Alle. | 30-45 minutt. |
Rapport | Individual | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Ein individuell produksjonsrapport, der arbeidet med framsyninga skal grunngjevast og vurderast. | Alle. | 2000-2500 ord. |