Semesters
TOD201 Teaterproduksjon 3: Samtidsteater
- TOD101 Teaterproduksjon 1: Realistisk teater
- TOD102 Teaterkunnskap
- TOD103 Teaterproduksjon 2: Moderne teater
- TOD104 Forteljing og formidling
eller 60 stp. i teater- og dramafag med eit minimum av 30 stp. i teaterproduksjon frå andre utdanningsinstitusjonar.
Teaterproduksjon 3 fordjupar seg i skodespelarteknikk etter 1960.
Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane får undervisning i planlegging, konseptutvikling, produksjon og formidling av ulike teaterformer.
Studentane vil lære om t.d.: Viewpoints, performance, devising, stads-spesifikt teater og/eller dokumentarteater.
Studentane vil jobbe med:
- Dei ulike fasane knytt til arbeidet frå idé til produkt i ulike produksjonsprosessar
- Skodespelarteknikk og dramaturgiske strategiar i samtidsteater (frå 1960 og fram til vår tid)
- Devised teaterproduksjon
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskapar om tradisjonar, intensjonar, organisering og funksjonar ved utvalde retningar innan samtidsteater
- har kunnskap om utvalde retningar innan skodespelarkunst og dramaturgi i det samtidige teater (fra omlag 1960 og til i dag)
Studenten
- kan utvikle framsyningar gjennom devised arbeid, med utgangspunkt i ide, tekst, stad, historisk materiale, målgruppe eller tema
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til refleksjon over teaterframsyningar, både munnleg og skriftleg
- kan arbeide medvite med dramaturgiske inngangar i ein kunstnarleg prosess
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere teaterframsyningar åleine, og som deltakar i ei gruppe
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling, og kritisk analysere eige praktisk-estetisk arbeid
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg-kunstnarleg fremlegg
- Ei godkjent framsyning på Husteater med reflekterande logg
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Theatre and Drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 | Kunstnarleg scenisk framsyning for eit publikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | Alle. | 30-45 minutt. |
Rapport | Individual | 2 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Ein individuell produksjonsrapport, der arbeidet med framsyninga skal grunngjevast og vurderast. | Alle. | 2000-2500 ord. |