Semesters
TOD202 Teaterproduksjon 6: Teater for barn
Course code:
TOD202
Duration:
1 semester
Credits (ECTS):
15
Level of study:
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester:
2023 Autumn
Assessment semester:
2023 Autumn
Language of instruction:
Norwegian
Required prerequisite knowledge
60stp i drama og teaterfag.
Course content
Teaterproduksjon 6 fordjupar seg i teater for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar scenekunstnarlege verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-18 år.
Studentane vil jobbe med:
- Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av barnekulturen i samfunnet
- Analyse av barnekulturelle uttrykk
- Scenekunstnarlege verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn
- Iscenesettje ein teaterproduksjon for ei spesifikk målgruppe
Learning outcome
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Learning outcome knowledge
Studenten
- har kunnskap om barneteateret sin funksjon i eit historisk perspektiv
- har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn
- har kunnskap om korleis utvikle teater som set eit spesielt fokus barn i dagens samfunn
Learning outcome skills
Studenten
- kan nytte scenekunstarlege verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar
- kan analysere, tolke og vurdere kunst- og kulturuttrykk for barn
Learning outcome qualification
Studenten
- kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og scenekunst for barn
- kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater
Working and learning activities
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Assessment requirements
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg-kunstnarleg framlegg i gruppe
- Ei skriftleg oppgåve i barneteateranalyse
Evaluation system
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Minimum number of students:
5
Maximum number of students:
20
Person in charge:
Vibeke Preus
Expenses
Used in other programs
- Theatre and Drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ei barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter. | Alle | 60-90 minutt. |
Oppgave | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ei individuell heimeoppgåve knytt til teori om barneteater og refleksjonar kring framsyninga. | 3000-3500 ord. |
Approval signature:
Unni Hagen