Semesters
TOD202 Teaterproduksjon 4: Teater for barn
60stp i drama og teaterfag, med eit minimum av 45stp. i teaterproduksjon
Teaterproduksjon 4 fordjupar seg i teater for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar scenekunstnarlege verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-18 år.
Studentane vil jobbe med:
- Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av barnekulturen i samfunnet
- Analyse av barnekulturelle uttrykk
- Scenekunstnarlege verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn
- Iscenesettje ein teaterproduksjon for ei spesifikk målgruppe
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om barneteateret sin funksjon i eit historisk perspektiv
- har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn
- har kunnskap om korleis utvikle teater som set eit spesielt fokus på kvardagen til barn i dagens samfunn
Studenten
- kan nytte scenekunstarlege verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar
- kan analysere, tolke og vurdere kunst- og kulturuttrykk for barn
Studenten
- kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og scenekunst for barn
- kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Emnet inneheld ei vekes studiereise med fokus på å oppleve teaterarbeid for og med barn, til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg-kunstnarleg framlegg i gruppe over eit barnekulturelt uttrykk
- Ei skriftleg oppgåve i barneteateranalyse
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Theatre and Drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 4 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ei barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter. | Alle | 60-90 minutt. |
Oppgave | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Ei individuell heimeoppgåve knytt til teori om barneteater og refleksjonar kring eige arbeid og framsyninga. | 2500-3500 ord. |