Semesters
TOD202 Teaterproduksjon 4: Teater for barn
Teaterproduksjon 4 fordjupar seg i teaterproduksjon for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar stemme, kropp og estetiske verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-13 år.
Studentane vil jobbe med:
- Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av leiken for barn
- Analyse av barnekulturelle uttrykk
- Dramaturgiske val og estetiske verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn
- Iscenesettje ein teaterproduksjon for ei spesifikk målgruppe
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om sentrale retningar innan produksjon av teater og kultur for barn
- har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn
- har kunnskap om korleis utvikle teater som set eit spesielt fokus på kvardagen til barn i dagens samfunn
Studenten
- kan nytte estetiske verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar
- kan analysere, tolke og vurdere ulike kunst- og kulturuttrykk for barn
Studenten
- kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og produktet
- kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Emnet inneheld ei vekes studiereise med fokus på å oppleve teaterarbeid for og med barn, til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- To godkjende gruppeframsyning på Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Det vert lånt ut klassesett med manus. Manglande innlvering gjer ei avgift på 200,- per stk.
- Theatre and Drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual or Group exam | 5 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | 30-75 minutt. | |
Oppgave | Individual | 1 Week | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 50 | Digital eksamen. Ein individuell oppgåve knytt til teori om barneteater og refleksjonar kring eige arbeid. | 2000-2500 ord. |