Semesters
UL301 Overordna perspektiv på inkludering i barnehage og skule
Ingen
Dette emnet skal gi studentane ei vid og djup innsikt i grunnleggande spørsmål som gjeld kvalitet i opplæringa i barnehage og skule. Det vert lagt særleg vekt på korleis møte utfordringa som gjeld mangfaldet mellom barn og unge i grupper og klassar. Emnet skal gi sentrale premissar for opplæringa, både som formulering (intensjon) og realisering (praksis). Omgrepa endring, inkludering, tilpassa opplæring og spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er sentrale.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha inngåande kunnskapar om:
- Kva som karakteriserer opplæringa i barnehage og skule ut frå ulike forklaringsmodellar
- Omgrepa spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring
- Korleis skape vilkår for endring i opplæringa
- Kva som kjenneteiknar kvalitet i opplæring for alle barn og elevar
Studentane skal kunne:
- Analysere og forstå dei ulike premissane for opplæringa i barnehage og skule.
- Framstille tilhøvet mellom intensjon og praksis i verksemda i skule og barnehage
- Samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå eit eller fleire av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring, spesialundervisning og endring.
Studentane skal kunne:
- Forklare utfordringar som gjeld mangfaldet mellom aktørane i opplæringa
- Vurdere kvaliteten i opplæringa
- Skrive ein vitskapleg artikkel med ei problemstilling knytt til pedagogisk praksis
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.
o Obligatorisk frammøte til undervisninga
o Delta i seminar som førebuing til oppgåveskriving
o Levere inn og presentere utkast til problemstilling for feltarbeidet.
o Eit individuelt feltarbeid skal gjennomførast i barnehage, skule eller annan relevant institusjon.
o Levere inn og presentere resultat frå feltarbeidet.
o Innlevering av utkast til fagtekst (eksamenstekst)
o Kommentere minst ein resultatpresentasjon og eit utkast til problemstilling
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Master of Education
- Master of Education
- Special Education
- Special Education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | I denne oppgåva skal studenten drøfte erfaringane frå feltstudiet i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet. | Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg) |