Semesters

UL301 Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule

Course code: 
UL301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2019 Autumn
Assessment semester: 
2019 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Dette emnet skal gi studentane ei vid og djup innsikt i grunnleggande spørsmål som gjeld kvalitet i opplæringa i barnehage og skule. Det vert lagt særleg vekt på korleis møte utfordringa som gjeld mangfaldet mellom barn og unge i grupper og klassar. Emnet skal gi sentrale premissar for opplæringa, både som formulering (intensjon) og realisering (praksis). Omgrepa endring, inkludering, tilpassa opplæring og spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er sentrale. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha inngåande kunnskapar om:

  • Kva som karakteriserer opplæringa i barnehage og skule ut frå ulike forklaringsmodellar.
  • Omgrepa spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring. 
  • Korleis skape vilkår for endring i opplæringa. 
  • Kva som kjenneteiknar kvalitet i opplæring for alle barn og elevar. 

 

Learning outcome skills

Studentane skal kunne: 

  • Analysere og forstå dei ulike premissane for opplæringa i barnehage og skule. 
  • Framstille tilhøvet mellom intensjon og praksis i verksemda i skule og barnehage. 
  • Samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå eit eller fleire av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring, spesialundervisning/ spesialpedagogisk hjelp og endring.
Learning outcome qualification

Studentane skal kunne:

  • Forklare utfordringar som gjeld mangfaldet mellom aktørane i opplæringa.
  • Vurdere kvaliteten i opplæringa. 
  • Skrive ein vitskapleg artikkel med ei problemstilling knytt til pedagogisk praksis. 
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, arbeid i læringsgrupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Assessment requirements
  • Obligatorisk frammøte til undervisninga.
  • Arbeide i profesjonsblanda læringsgrupper der ein ut frå ei gitt problemstilling skal drøfte og arbeide fram eit overordna kunnskapsgrunnlag til eit feltarbeid. Ein skal også drøfte kva metode for datainnsamlinga som er eigna for å få svar på problemstillinga.
  • Kvar læringsgruppe leverer inn eit skriftleg dokument på omlag 2 – 3 sider der ein presenterer utkast til kunnskapsgrunnlag, og eit grunngjeve val av metode for innsamling av data i det komande feltarbeidet.
  • Kvar gruppe skal kommentere minst eit utkast til kunnskapsgrunnlag og metode.
  • Med utgangspunkt i kunnskapsgrunnlag og metode skal ein gjennomføre eit individuelt feltarbeid i barnehage, skule eller annan relevant institusjon.

 

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
85
Person in charge: 
Anne-Kari Remoy
Used in other programs
  • Master of Education
  • Master of Education
  • Special Education
  • Special Education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
I denne oppgåva skal studenten drøfte erfaringane frå feltstudiet i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.
Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)
Approval signature: 
Anne Øie