Semesters

UL301 Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule

Course code: 
UL301
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Master
Teaching semester: 
2017 Autumn
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Dette emnet skal gi studentane ei vid og djup innsikt i grunnleggande spørsmål som gjeld kvalitet i opplæringa i barnehage og skule. Det vert lagt særleg vekt på korleis møte utfordringa som gjeld mangfaldet mellom barn og unge i grupper og klassar. Emnet skal gi sentrale premissar for opplæringa, både som formulering (intensjon) og realisering (praksis). Omgrepa endring, inkludering, tilpassa opplæring og spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er sentrale. 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha inngåande kunnskapar om:

  • Kva som karakteriserer opplæringa i barnehage og skule ut frå ulike forklaringsmodellar 
  • Omgrepa spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring 
  • Korleis skape vilkår for endring i opplæringa 
  • Kva som kjenneteiknar kvalitet i opplæring for alle barn og elevar 

 

Learning outcome skills

Studentane skal kunne: 

  • Analysere og forstå dei ulike premissane for opplæringa i barnehage og skule. 
  • Framstille tilhøvet mellom intensjon og praksis i verksemda i skule og barnehage 
  • Samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå eit eller fleire av omgrepa inkludering, tilpassa opplæring, spesialundervisning/ spesialpedagogisk hjelp og endring.
Learning outcome qualification

Studentane skal kunne:

  • Forklare utfordringar som gjeld mangfaldet mellom aktørane i opplæringa
  • Vurdere kvaliteten i opplæringa 
  • Skrive ein vitskapleg artikkel med ei problemstilling knytt til pedagogisk praksis 
Working and learning activities

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.

Assessment requirements

o    Obligatorisk frammøte til undervisninga

o    Delta i seminar som førebuing til oppgåveskriving

o    Levere inn og presentere utkast til problemstilling for feltarbeidet.

o    Eit individuelt feltarbeid skal gjennomførast i barnehage, skule eller annan relevant institusjon.

o    Levere inn og presentere resultat frå feltarbeidet.

o    Innlevering av utkast til fagtekst (eksamenstekst)

o    Kommentere minst ein resultatpresentasjon og eit utkast til problemstilling  

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maximum number of students: 
85
Person in charge: 
Anne-Kari Remoy
Used in other programs
  • Master of Education
  • Master of Education
  • Special Education
  • Special Education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
Semester
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
I denne oppgåva skal studenten drøfte erfaringane frå feltstudiet i høve til den litteraturen som er sett opp for emnet.
Om lag 5000 ord (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg)