Semesters
UL302 Utvikling og læring
Ingen
Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Emnet kastar lys over dette samspelet, ved å sjå på ulike individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring og utvikling hos barn og unge. Det vil bli lagt særleg vekt på kognisjon og motivasjon, som eit grunnlag til å forstå korleis læring skjer og kva som stimulerer individet til å delta i læringsfremjande aktivitet. Det vil også bli lagt vekt på emosjonell utvikling og sosialt samspel som viktig for utvikling og læring. Gjennomgåande i heile emnet, vil det vere fokus på å forstå variasjon i barn og unge si utvikling og læring, og sjå samanhengen mellom allmennpedagogisk og spesialpedagogiske kompetanse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studentane
- har avansert kunnskap om ulike perspektiv på læring
- har inngåande kunnskapar om individuelle og miljømessige faktorar som påverkar læring, motivasjon og sjølvoppfatning
- kan anvende kunnskap om emosjonell og kognitiv utvikling, her under også ulike vanskar som kan oppstå og som kan gje behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning
Studentane
- kan analysere og forholde seg kritisk til ulikskapar og utfordringar knytt til individet si kognitive og emosjonelle utvikling
- har avansert kunnskap om korleis samspelet mellom individ og miljø verkar inn på læring og utvikling
- har inngåande kunnskap om korleis ulike læringssyn kan kome til uttrykk i pedagogisk praksis
Studentane
- kan gjere analyser av pedagogisk praksis og ut frå dette anvende kunnskapen om kva som fremjar læring og utvikling for barn og unge
- formidle sjølvstendig arbeid og beherskar uttrykksforma innanfor fagområdet
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.
- Studentane skal skrive ein fagleg artikkel ut frå ei sjølvvald problemstilling med relevans for emnet, omfanget er 3000 ord.
- Studentane skal levere inn utkast til problemstilling for den faglege artikkelen.
- Studentane skal presentere og drøfte artikkelen med medstudentar i eige seminar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-11.
- Master in Special Education
- Special Education
- Special Education
- Special Education - master
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Home exam | Individual | 3 Days | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | 3000 ord (+/- 10 %) |