Semesters
UL302 Utvikling og læring i barnehage og skule
Ingen
Det er ein tett og gjensidig samanheng mellom læring og utvikling. Emnet kastar lys over dette samspelet, ved å sjå på ulike teoriar og faktorar som påverkar læring og utvikling hos barn og unge i skule og barnehage. Det vil bli lagt særleg vekt på kognisjon og motivasjon, som eit grunnlag til å forstå korleis læring skjer og kva som stimulerer individet til å delta i læringsfremjande aktivitet. Det vil også bli lagt vekt på sosialt samspel og –tilhøyr som viktig for utvikling og læring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studentene skal ha avanserte kunnskapar om
• utviklings- og læringsteoriar
• faktorar som påverkar læring, motivasjon og sjølvoppfatning hos eleven
• kognisjon og kognitiv utvikling, her under også kognitive lærevanskar og konsekvensar dette har for opplæringa
Studentane skal kunne
• analysere opplæringspraksis og kunne legge til rette for læring
• vise forståing for korleis eit læringssyn kan kome til uttrykk i praksis
Studentane skal
- kunne aktivt bruke kunnskapen om kva som fremjar læring og utvikling for barn med varierande føresetnader i analysar av undervisning
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingane.
- Obligatorisk frammøte til undervisninga
- Studentane skal skrive ein fagleg artikkel ut frå ei sjølvvald problemstilling med relevans for emnet, omfanget er 3000 ord.
- Studentane skal levere inn og presentere utkast til problemstilling for den faglege artikkelen
- Studentane skal presentere og drøfte artikkelen med medstudentar i grupper
- Studentar som tek emnet som del av 4.studieåret i GLU skal følgje eit eige innføringskurs på fem timar
Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Master of Education
- Master of Education
- Special Education
- Special Education
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 5 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |