Ny lærarutdanning i Volda
Kunnskapsdepartementet legg ved årsskiftet 2008 - 2009 fram ei stortingsmelding om lærarrolla og lærarutdanning. Forslaga i meldinga vil ha konsekvensar for det samla tilbodet om lærarutdanning ved den einskilde institusjon, også for Høgskulen i Volda.
Dette fører til at vi treng ein intern gjennomgang av det samla tilbodet i lærarutdanninga vår. Professor Peder Haug ved Høgskulen i Volda har vore med i utforminga av stortingsmeldinga og er sentral under fagdagen Ny lærarutdanning i Volda den 8. desember.
| Departementet og lærarutdannarane vil vurdere ei regional arbeidsdeling og samarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonane for å bidra til god dekning av ulike typar lærarutdanningar og fag i alle regionane. Arbeidet med Stortingsmeldinga om lærarrollen og lærarutdanning er ikkje sluttført, men vi veit at ein arbeider med å etablere av ei nivådelt lærarutdanning, d.v.s. ei lærarutdanning som er retta mot lågare klassetrinn i grunnskulen og ei lærarutdanning retta mot høgare klassetrinn i grunnskulen. Lærarutdanninga for dei lågare trinna vil ha ei breiare fagportefølje, medan lærarutdanninga for høgare trinn vil ha større fordjuping i færre fag. Den nye modellen for lærarutdanning er tema for en konferanse den 8. desember (kl 9 - 15.15) ved Høgskulen i Volda. Les meir om programmet her: www.hivolda.no/nyutdanning |