Populært å dra på praksisutplassering til India

Text: Per Arne Brandal

- Updated

04cc25fe8c8b7d8511b459671b26cd8e2e3ca4c2

Forutan Kenya er India det mest populære praksislandet for sosialfagstudentane ved Høgskulen i Volda. Sidan starten av september har ni sosialarbeidarstudentar frå Volda hatt praksisstudier ved institusjonar i og kring Mangalore. Studentane sette stor pris på å få besøk av rettleiarane sine frå Volda, og saman med tilsette ved sosialarbeidarutdanninga ved School of Social Work, møttes dei for utveksling av tankar om ulike veiledningstradisjonar og relasjonen student/rettleiar i eit krysskulturelt perspektiv. Høgskulelektorane Jan Einar Flø og Gerd Skjong var fagleg ansvarlege og stod for leiinga av fagdagen.

Share on