Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Engelsk 1 for 1.–7. årssteg, Kompetanse for kvalitet, gir ferdig utdanna lærarar ei innføring i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget i barneskulen. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 1.–7. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar innan ulike genrar og til ulike formål står òg sentralt i studiet. I tillegg omfattar studiet kunnskap om kultur i engelskspråklege land.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
• Studenten har kunnskap om engelsk språksystem når det gjeld grammatikk, ordforråd og uttale, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk språksystem
• Studenten har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
• Studenten har kunnskap om korleis barn lærer andrespråk/framandspråk og om korleis ein kan fremje slik læring
• Studenten har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
• Studenten har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene
• Studenten kjenner eit utval korte litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
• Studenten kjenner nokre trekk ved kulturen i engelsktalande land
• Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, og tilpassa språket til målgruppa i ulike situasjonar
• Studenten kan lese, forstå og ta i bruk engelske tekstar for born og unge
• Studenten kan bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
• Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
• Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
• Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar, begge med avsluttande eksamen.Emne 1A er lagt til haustsemesteret, og emne 1B er lagt til vårsemesteret.Sjå emnetabellar for meir informasjon om studieløpet.
Emnet er nettbasert med to 2-dagarssamlingar i Volda kvart semester, og ei vekessamling ved det Norske studiesenteret i York i vårsemesteret. Alle undervisningssamlingar er obligatoriske. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere godkjende.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.
Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.
I vårsemesteret er det ei vekesamling ved det norske studiesenteret i York. HVO dekkjer overnatting og kursavgift, men reise- og kostutgifter må dekkast på annan måte.
Studiet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.