Sjå liste over studieplanar som starter på:

Helse og omsorg i plan

Program of study: 
Health and care in planning
Level of study: 
Master
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2016
Number of students: 
40
Type of study: 
Further education (master's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Programmet blir gitt i samarbeid med Helsedirektoratet og KS (Kommunesektorens organisasjon). KS har utarbeidd eigne opptakskrav, og ved opptaket blir det lagt avgjerande vekt på gruppas samansetting med omsyn til bakgrunn, utdanning, arbeidsoppgåver og arbeidsgivar. Dette for å gi eit best muleg læringsmiljø. For å få eksamensrett på masternivå, må studenten ha 3 år høgare utdanning tilsvarande bachelorgrad. Nokre få studentar som ikkje tilfredstiller kravet til opptak kan kvart kull takast opp på emnet og få kursbevis for etterutdanning. Berre studentar som blir opptekne til programmet får dekt opphaldsutgifter frå KS.

About

Eit studie på masternivå om samhandling og planarbeid for heile helse- og omsorgsektoren

Sekretariatet for etter- og vidareutdanning (SEVS) i KS og Helsedirektoratet samarbeider med Høgskolen i Lillehammer, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder og Universitetet i Tromsø om gjennomføringa av opplærings- og utviklingsprogrammet «Helse og omsorg i plan». Programmet er ei oppfølging av Meld. St. 16 (2010-2011) Nasjonal helse- og omsorgsplan 2011-2015, Prop. 90 L (2010-2011) Lov om folkehelsearbeid (folkehelselova) og Prop. 91 L (2010-2011) Lov om kommunal helse- og omsorgstjenester (helse- og omsorgslova). Programmet er ein del av implementeringa av samhandlingsreforma, herunder ny folkehelselov og ny helse- og omsorgslov. Målet med samhandlingsreforma er å forebygge meir, behandle tidligare og samhandle betre. Eit verkemiddel er at kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og helseforetak skal betre arbeidet med samfunnsplanlegging som verkemiddel for å skape gode samfunn som ivaretek befolkningas helse på like vilkår for alle. Opplærings- og utviklingsprogrammet skal styrke aktørane sin kompetanse til samhandling og langsiktig strategisk planlegging sett i eit folkehelse- og helse- og omsorgsperspektiv. Denne kompetansen skal også forankrast hos arbeidsgivarar.Samhandlingsreforma handlar svært mykje om kommunen som arena. Emnet vil derfor løfte fram kommunen som arena for tverrfaglig og tverrsektoriell samhandling og implementering av folkehelsetiltak og tenester innan helse- og omsorgssektoren. Dette skjer i nært samarbeid og i samhandling med andre forvaltningsnivå og frivillig sektor. Målgruppa er personar i kommunar, fylkeskommunar, helseforetak og hos fylkesmenn, både dei som har ansvar for planlegging og planprosessar generelt, og dei som har implementering av samhandlingsreforma og ny helse- og omsorgslov og ny folkehelselov som ei viktig oppgåve.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge
  • Innsikt i relevant lov- og regelverk.
  • Kunnskap om teoriar, omgrep, modellar og empiri om samfunnsutvikling, styring, planlegging, partnarskap og samhandling med relevans for folkehelse og helse- og omsorgstenester.
  • Kunnskap om ulike teoriar, omgrep, modellar og empiri som er relevant for folkehelse og helse- og omsorgstenester.
  • Kunnskap om helsetilstand og helseutfordringar i eit langtidsperspektiv, og ulike forhold som determinerer både individuell helse og folkehelse, herunder sosial ulikskap i helse.
  • Kunnskap om planlegging på samfunns- og sektornivå som reiskap for helsefremming og sjukdomshemming, gjennom inngrep i strukturerande krefter som påverkar helsetilstanden, og gjennom mobilisering av menneske til å ta større ansvar for eiga helse.
Learning outcome skills
  • Ferdigheiter i å hente inn og presentere både primær- og sekundærdata om helsetilstanden i befolkninga og kvaliteten av tenesteytinga, og utvikle lokale indikatorar.
  • Ferdigheiter i å analysere utviklingstrekka og utfordringane i eit langsiktig og breitt folkehelse- og helse- og omsorgsperspektiv, og å beskrive mulige konsekvensar av aktuelle tiltak (konsekvensutgreiingar). Sosial ulikskap i helse inngår.
  • Ferdigheter i å analysere grunnlaget for folkehelsearbeid og helse- og omsorgstenester som tverrfaglig samarbeid innan kommunen og på tvers av forvaltningsnivåa. Har ferdigheter i langsiktig og heilskapleg planlegging, medverknad, utviklingsarbeid og innovasjon, herunder kompetanse i å planlegge og implementere aktivitetar og tenester i samhandling med andre aktørar innan folkehelsearbeidet og helse- og omsorgstenester. Her inngår samhandlingskompetanse.
Learning outcome qualification

Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal emnet bidra til at studentane

  • Har god forståing av teoriar, metodar, lovverk og styringsmekanismar i samfunnsplanlegging og avgjerdsprosessar, med særlig vekt på kommunen som arena.
  • Har evne til kritisk vurdering av ulike data og metodar for planlegging, organisering, implementering, evaluering og læring. 
  • Har evne til kritisk refleksjon over rolla som planleggar, forvaltar og tenesteprodusent i samhandling på tvers av fag, sektorar og forvaltningsnivå, med vekt på innovasjons- og utviklingsarbeid i helse og omsorg.
Content structure

Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Den pedagogiske tilnærminga tar utgangspunkt i studentane si forforståing og arbeidsoppgåver, og har som mål å styrke handlingskapasiteten deira til å omsette kunnskap i handling. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine praksisfelt. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering. Deltakarane får tilgang til ei eiga elektronisk nettbasert læringsplattform, som både fungerer som plattform for samhandling, dokumentasjon av studiet og oppgåveinnlevering.

Undervisninga er organisert i fire samlingar på 3-4 dagar med til saman 15 dagar. Samlingane blir lagt til eit hotell i Ålesund.

Samling 1: Veke 37/2016 

Samling 2: Veke 46/2016

Samling 3: Veke 7/2017

Samling 4: Veke 13/2017 

Vekene for samlingane kan bli justerte innan semesterstart. Samlingane går tysdag-fredag alle veker med unntak for samling 2 som blir avslutta på torsdag.

Studentane skal utarbeide ei prosjektoppgåve med utgangspunkt i ei utviklingsoppgåve relevant for eige arbeidsfelt. Det er rettleiing knytt til prosjektoppgåva. Prosjektoppgåva bør skrivast i grupper samansett av folk frå både planleggingssida, ulike sektorar og forvaltningsnivå. Gruppene bør vere frå 2-4 personar. Sjå meir om prosjektoppgåva i eige rettleiingsdokument. Presentasjon og drøfting av desse prosjektoppgåvene vil bli trekt inn i undervisninga på samlingane. Forut for første samling skal studentane identifisere ei utfordring som dei opplever som relevant for vidare arbeid som prosjektoppgåve. På denne samlinga blir det lagt vekt på at studentane blir kjent med kvarandre og at dei får formidla og kommentert sine utfordringar og forventingar. Dette skal bidra til å avgrense prosjektoppgåver og utvikle prosjektgrupper. På samling tre skal prosjektgruppene presentere sine arbeid, og blir rettleia både av medstudentar og faglig tilsette.

Emnet har fire hovudtema.

Tema 1: Overordna perspektiv. Innanfor dette temaet blir det lagt vekt på ei innføring i emnet og på å introdusere viktige perspektiv, omgrep og verdigrunnlaget for folkehelsearbeid og helse- og omsorgstenester, og hovudmåla knytt til samhandlingsreforma. Dette vil bli utdjupa under dei andre tema.

Tema 2: Lov, plan og helse. Vi går nærare inn på utvalde delar av sentrale lover, regelverk og politiske og faglige føringar. Herunder folkehelselova, helse- og omsorgstenestelova og helseforetakslova, med tilhøyrande retningslinjer og rettleiarar. Når det gjeld plan- og bygningslova, vil det det bli lagt vekt på plansystemet si oppbygging og funksjon som styringsreiskap. Samhandlingsreformas forventningar blir vektlagt og krava til nye roller for kommunane som samfunnsaktør og samarbeidsarena, herunder større satsing på forebyggande og helsefremmende arbeid for å skape gode levekår og avlaste helsetenestene. Vidare blir det lagt vekt på langsiktige helse- og velferdsutfordringar, og forståing, fortolking og framstilling av data om desse.

Tema 3: Alle skal med. Planlegging som reiskap for samordning, samhandling og samforståing. Her går vi nærare inn på rasjonalitetsformer i planlegginga, om synet på makt, aktørar og strukturar og ulike teoretiske retningar, om samfunnsstyring, reformer i offentleg sektor, nettverksorganisasjonar, samfunns- og sektorplanlegging, samt samhandlingsutfordringar. Studentane skal også få prøve seg på ulike metode- og prosessverktøy som blir brukt i plan- og utviklingsarbeid, med særlig vekt på medverking.

Tema 4: Innovasjon og utviklingsarbeid. Frå kunnskap til handling i folkehelse- og helse- og omsorgsarbeid. Under dette temaet viser vi korleis planlegging i praksis og på utvalde område kan knyte eksisterande kunnskap til handling for å fremme innovasjon, samhandling, beste effektive omsorgsnivå, folkehelse og tenesteproduksjon.

Helse og omsorg i plan
Navn: 
Helse og omsorg i plan
Course2016 Autumn2017 Spring
1515
Anna
Programmet blir gitt i samarbeid med Kommunenes Sentralforbund, Høgskolen i Lillehammar, Høgskolen i Vestfold, Høgskulen i Volda, Universitetet i Tromsø og Universitetet i Agder.Programmet kan takast som ei sjølvstendig vidareutdanning, og heile eller delar av programmet kan innpassast i relevante mastergrader. Programmet blir innpassa med 30 studiepoeng i høgskulen sine masterprogram i Samfunnsplanlegging og leiing og i Meistring og myndiggjering.
Evaluation

Studieprogrammet blir evaluert i samsvar med kvalitetssikringssystemet ved HVO.

Ansvarleg
Dosent Randi Bergem, telefon 70 07 52 11, bergemr@hivolda.no, og Professor Dr. Roar Amdam, 7007 5124, ram@hivolda.no