Matematikk 2 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har 30 studiepoeng matematikk i si tidlegare utdanning. Det tilsvarar Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. årssteg.
Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.
Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
- har god kunnskap i matematisk analyse og talteori og kunne relatere dette til det matematikkfaglige innhaldet i grunnskulen
- har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen
- har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevers læring
- har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
Studenten
- kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elever som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
- kan bidra i lokalt læreplanarbeid
- kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Studenten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- viser evne til refleksjon og kritisk tenking
- kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
- kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Studiet er sett saman av to emne à 15 studiepoeng; emnet MAT130-KFK i haustsemesteret og emnet MAT128-KFK i vårsemesteret.
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Fronter og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.
Studiet inneheld ikkje eigen praksis.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.