Sjå liste over studieplanar som starter på:

Matematikk 2 for 5.–10. årssteg, Kompetanse for kvalitet

Program of study: 
Mathematics 2 for Teachers Years 5-10, Competence for Quality
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2020
Number of students: 
30
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng Matematikk 1 eller tilsvarande.

About

Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har 30 studiepoeng matematikk i si tidlegare utdanning. Det tilsvarar Matematikk 2 i grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. årssteg. 

Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit solid didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.–10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som han/ho skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. 

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • har undervisningskunnskap knytt til ulike matematiske bevis- og argumentasjonsformer, og erfaring med matematiske teoribygningar
  • har god kunnskap i matematisk analyse og talteori, og kunne relatere dette til det matematikkfaglege innhaldet i grunnskulen
  • har kunnskap om den matematiske oppdagingsprosessen
  • har kunnskap om matematikkdidaktisk forsking med relevans for utvikling av undervisningskunnskap i matematikk og elevars læring
  • har inngåande undervisningskunnskap knytt til progresjonen i matematikkopplæringa gjennom grunnskulen
Learning outcome skills

Studenten 

  • kan arbeide teoriforankra og systematisk med kartlegging av matematikkvanskar og opplæring tilpassa elever som har matematikkvanskar, til dømes gjennom strategiopplæring
  • kan bidra i lokalt læreplanarbeid
  • kan vurdere elevane si læring i faget som grunnlag for tilrettelegging av undervisning og tilpassa opplæring
Learning outcome qualification

Studenten

  • kan bruke både matematikkfaglege og -didaktiske kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
  • kan initiere og leie lokalt utviklingsarbeid knytt til matematikkundervisning
  • kan delta og bidra i arbeid med tanke på å betre matematikkfaget sin praksis
Content structure

Studiet er sett saman av to emne à 15 studiepoeng; emnet MAT130-KFK i haustsemesteret og emnet MAT128-KFK i vårsemesteret.
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Adobe Connect. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Matematikk 2 for 5.–10. årssteg, «Kompetanse for kvalitet»
Navn: 
Matematikk 2 for 5.–10. årssteg, «Kompetanse for kvalitet»
Requirements

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett (av god kvalitet), nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon.

Professional training

Studiet inneheld ikkje eigen praksis.

Ansvarleg
Øyvind Roger Halse, oyvind.roger.halse@hivolda.no, tlf. 70 07 52 76