Sjå liste over studieplanar som starter på:

Musikk (fordjupning)

Program of study: 
Music, second one-year unit
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
60
Duration: 
2 semesters
Year: 
2017
Number of students: 
25
Type of study: 
Specialization (bachelor's degree level)
Study mode
Full-time
Admission and rating

MUS101-104 eller tilsvarande.

About

Fordjupingsstudium i musikk inneheld fleire frittståande emne som studenten kan velje frå. Kvar for seg byggjer desse på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med fylgjande hovudområde: arrangering, instrumentaldidaktikk, musikkteknologi, komponering, utøving og formidling.

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen/SFO, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring. Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning, som gjev grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Gjennomført PPU gjev undervisningskompetanse for grunnskule og vidaregåande skule. Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.

Dersom studenten vil nytte fordjupingsstudiet til å få ein fri bachelorgrad i musikk, må MUS205 inngå som eitt av dei valte emna.

Learning outcome

Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Learning outcome knowledge

 Kunnskapar i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Learning outcome skills

Dugleikar i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Learning outcome qualification

Generell kompetanse i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Content structure

Studenten kan velje fleire emne. For oversikt sjå studiemodellen/emnetabellen. NB! Det er ulike krav til forkunnskapar på emna. Desse går fram av emneplanane. Sjå lenke til den enkelte emneplanen i studiemodellen/emnetabellen.

Musikk (fordjupning)
Professional training

Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.

Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Svein Ole Hunnes