See list of study plans starting on:

Musikk, opne fordjupingsemne

Program of study: 
Music
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
1 semester
Year: 
2017
Number of students: 
25
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Admission and rating

Fullført minimum 30 studiepoeng i musikk fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar. 
Emna har ulike forkrav – sjå emneplanane.

About

Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld seks frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering, komponering, utøving og formidling, instrumentaldidaktikk, ensembleleiing og musikkteknologi.

Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning, som gjev grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. (Opptakskriteria for allmennfagleg PPU ved HVO er å finne på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20051209-1715.html#map009). Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.

Learning outcome

Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Learning outcome knowledge

Kunnskapar i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Learning outcome skills

Dugleikar i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Learning outcome qualification

Generell kompetanse i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.

Content structure

Studenten kan velje fleire emne. For oversikt sjå emnetabellen.NB! Det er ulike krav til forkunnskapar på emna. Desse går fram av emneplanane. Sjå lenke til den enkelte emneplanen i emnetabellen.

Opne fordjupingsemne i musikk
Professional training

Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.

Anna
Ved val av fleire emne kan det oppstå timeplankollisjonar. Ta kontakt med studieprogramansvarleg for å avklare dette.
Evaluation

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg
Svein Hunnes