Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne (haust)
Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld tre frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering (MUS212) utøving og formidling 1 (MUS201) og ensembleleiing (MUS208).
Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning. For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg.
Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.
Studenten kan
- dirigere og leie eit ensemble (MUS 208)
- utøve musikk på eit musikkinstrument eller song, individuelt og i ensemble (MUS 201)
- tilretteleggje og gjennomføre musikkundervisning i kulturskulen og frivilleg verksemd (MUS 201)
- arrangere musikk for ulike musikkinstrument, vokal og til ulike enseble (MUS 212)
Studenten har
- kunnskapar om ulike teknikkar innanfor arrangering og ulike termar og omgrep (MUS 212)
- kunnskapar om ulike teknikkar, innstuderingsmetodikk og repertoarvalg (MUS 208)
- kunnskapar om ulike metodar innan instrumental og vokal undervisning, musikk og helse, musikk og identitet (MUS 201)
Studenten kan
- arrangere og instrumentere for ulike typar instrument og enseble (MUS 212)
- planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og grunngi faglege val (MUS 208)
- utøving av instrumental og vokal musik, og tilrettelegging og gjennomføring av undervisning (MUS 201)
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheter på ein sjølvsendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til kritisk refleksjon og kritisk tenkning i utdannings- og yrkessamanheng
- Praktiske øvingar i plenum og grupper
- Teoretisk arbeid
- Førelesingar
- individuell undervisning på musikkisntrument/song
Course | 2021 Autumn |
---|---|
Haust 2021 kan du velje mellom: | 15 |
MUS201 Performance and presentation 1 | |
MUS208 Ensemble conducting | |
MUS212 Arranging | |
Sum (15 total) | 15 |
Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Instrumentaldidaktikk.