Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium
Dette studiet inviterer til å lære og forstå meir om samspelet mellom menneske, grupper og samfunn i ulike tidsepokar og ulike deler av verda og samspelet/konflikten mellom natur og samfunn. Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, menneskeverd, bærekraftig utvikling, likestilling og toleranse og er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle ei lærarrolle som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
· har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
· har kunnskap om naturgrunnlaget, geologi, klima, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt
· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til den andre verdskrigen, og til ungdoms historieforståing og historiebruk
· har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
· har kunnskap om sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra
· har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
· har kunnskap om dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking
· har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
· har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Studenten
· kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
· kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
· kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
· kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget
· kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
· kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
· kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
· kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
Studenten
· kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
· kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv.
Studiet er eit nettstudium.
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. E-læringsverktøy (Canvas) vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.
Course | 2017 Autumn | 2018 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.