Sjå liste over studieplanar som starter på:

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium

Program of study: 
Social Studies for Schools 1
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
80
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Dette studiet inviterer til å lære og forstå meir om samspelet mellom menneske, grupper og samfunn i ulike tidsepokar og ulike deler av verda og samspelet/konflikten mellom natur og samfunn. Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, menneskeverd, bærekraftig utvikling, likestilling og toleranse og er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle ei lærarrolle som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
  • kunnskap om naturgrunnlaget, geologi, klima, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt
  • kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til den andre verdskrigen, og til ungdoms historieforståing og historiebruk
  • kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira vilkår
  • kunnskap om sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra
  • kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi
  • kunnskap om dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking
  • kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
  • kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
  • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  • leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget
  • bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane
  • bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
  • bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg
  • kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Content structure

Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv.

Studiet er eit nettstudium.

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Canvas nyttast som digital læringsplatform og vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.

Skuleretta samfunnsfag 1, nettstudium
Expenses

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Anna
Studiet er delfinansiert med studieavgift.Studiet er for nettstudentar som gjennomfører det ved å nytte internett som kommunikasjonskanal.Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Canvas nyttast som digital læringsplatfor og vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til.
Ansvarleg
Elisabeth Teige, telefon: 70075295 epost: elisabeth.teige@hivolda.no