Sjå liste over studieplanar som starter på:

Bachelor i idrett og kroppsøving

Program of study: 
Physical Education - bachelor
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
180
Duration: 
6 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
45
Type of study: 
Bachelor
Study mode
Full-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse. 

About

Bachelor i idrett og kroppsøving er eit studium for deg som vil bli kvalifisert til å jobbe med undervisning i kroppsøving og idrettsfag. I tillegg kvalifiserer utdanninga deg til å jobbe innanfor idrett og andre frivillige organisasjonar samt innanfor den kommersielle treningsbransjen. 

Bachelor i idrett og kroppsøving har minimum 180 studiepoeng i faget, med inntil 95 studiepoeng på fordjupingsnivå. Studentar kan gjennomføre delar av studiet ved våre samarbeidande institusjonar både nasjonalt og internasjonalt. Ei mogleg utveksling ligg i 5. semester.

Første og andre året i bacheloren består av obligatoriske emne. Første året gir ei grunnleggjande innføring i idrett og kroppsøving. Kunnskap om treningslære, bevegelselære, pedagogikk og samfunn, motorisk læring og undervisningslære i kroppsøving og idrett er sentralt. Studentane får prøve seg i ulike aktivitetsformer og i variert undervisning, samt reflektere rundt korles dette er eigna for å fremje kroppsleg læring, positiv sjølvforståing og rørsleglede for alle elevar. Den fagspesifikke kompetansen vert tileigna gjennom praktisk og teoretisk undervisning. Andre året i bacheloren vil gi påbygging i idrett og kroppsøving og siktar seg inn mot prestasjonsutvikling, ernæring, ski og metode.

Det tredje året i bacheloren har eit fokus på helsefremjande arbeid og Ex Phil i haustsemesteret, og motivasjonspsykologi og bacheloroppgåve i vårsemesteret. Vårsemesteret er obligatorisk.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført bachelorutdanning i idrett og kroppsøving:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

·         har kunnskap om eit breitt spekter av sentrale tema, teoriar, problemstillingar, endringsprosessar, didaktikk, analyseverkty og metodar innanfor kroppsøvings- og idrettsfaglege kompetanseområde

·         har fagkunnskap, didaktisk kunnskap, erfaringar og opplevingar knytt til dei ulike disiplinane innanfor fagfeltet idrett og kroppsøving

·         ha kunnskap om ernæring knytt til fysisk aktivitet

·         kan forklare bruk av fysisk aktivitet som helsefremjande aktivitet

·         har kunnskap om motivasjonsprosessar

·         kan identifisere vitskapsteoretiske og metodiske føresetnader for forskingsbidrag innan fagfeltet

Learning outcome skills

Kandidaten

·         har grunnleggjande kunnskap og ferdigheit i eit utval idrettar/aktivitetar

·         kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre, rettleie og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader og funksjonsnedsettingar

·         kan legge til rette for og gjennomføre helsefremmande og førebyggjande tiltak, med særleg vekt på  fysisk aktivitet

·         kan bruke faglege analyseverkty, teknikkar og uttrykksformer

Learning outcome qualification

Kandidaten

·     kan identifisere og analysere faglige utfordringar innanfor kroppsøving og idrett 

·     kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og refleksjon over eigen praksis

·     presenterar problemstillingar, synspunkt og løysingar, både skriftleg, munnleg og gjennom andre uttrykksformer

·     reflekterer over relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

·     formidlar og drøftar sentralt fagstoff

·     har innsikt i forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet

Content structure

Studiet legg opp til studentaktive arbeidsmåtar som krev eigenstudium, deltaking og medansvar og vekslar mellom forelesing, seminar, webinar, nettleksjonar, gruppearbeid, ekskursjonar, individuelt arbeid, praksis, ekskursjonar og varierte aktivitetar i ulike rørslemiljø.

Opplevingar, observasjonar og erfaringar ein får vil gje grunnlag for drøfting og refleksjon.

Bachelor i idrett og kroppsøving
Navn: 
Bachelor i idrett og kroppsøving
Requirements

Det er ein føresetad at studentane er symjedyktige og er fysisk skikka til å vere aktivt deltakande på ulike aktivitetar både ute og inne til ulike årstider.

Suitability

Studiet har praksis og det skal leverast politiattest.

Professional training

Bachelorstudiet har praksis på alle tre studieår. På første året er det instruksjonspraksis i skule, organisert idrett eller anna relevant praksis. På andre året er praksis knytt til skiinstruksjon. Tredje året er det praksis med helsefremjande arbeid knytt til utviklingsarbeid. 

Internationalisation

Det er mogleg å reise på utveksling i 5. semester til ein av våre samarbeidande institusjonar. Ta kontakt med studieleiar for meir informasjon.

Expenses

Materialavgift 400 kr pr. semester.

Evaluation

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Elisabeth Innselset