Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar gir ferdig utdanna lærarar ei fordjuping i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda, samt skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten
- har vidare kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring.
- har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
- har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
- har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
- kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
- kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- analysere og diskutere engelskspråklig litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
- bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
- bruke IKT for å fremje språklæring
Studenten kan
formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
Studiet er nettbasert med fire samlingar i Volda fordelt over to semester: Den første samlinga er på tre dagar, dei andre på to dagar. Dei fire samlingane har obligatorisk oppmøte. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Canvas og Adobe Connect.
For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.
Course | 2019 Autumn | 2020 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon. Studentar som ikkje er praktiserande lærarar med engelsk på timeplanen må ha/skaffe seg tilgang til høveleg elevgruppe for å prøve ut undervisningsopplegg.
Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.