Engelsk 2 for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar gir ferdig utdanna lærarar ei fordjuping i engelsk språk, fagdidaktikk og litteratur/kultur som kvalifiserer til undervisning i faget på mellom- og ungdomssteget. Studiet omfattar kunnskap om grammatiske og fonologiske strukturar i det engelsk språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Studiet tek for seg kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå heile den engelskspråklege verda, samt skjønnlitteratur, dramatikk og poesi. Kunnskap om og trening i å lese og bruke litterære tekstar for unge står sentralt i studiet. Det blir lagt vekt på engelskundervisning for 5.-10. årssteg, kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling. Studentane vil få innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
- Studenten har vidare kunnskap om korleis barn og unge lærer andrespråk/framandspråk og korleis ein kan fremje slik læring.
- Studenten har kunnskap om sjangrar og sjangerkrav på engelsk, skriftleg og munnleg
- Studenten har kunnskap om dei krav samfunnet stiller til undervisning i andrespråk/framandspråk
- Studenten har kunnskap om utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene innan engelskfaget
- Studenten kjenner hovudtrekk ved kultur og samfunn i engelsktalande land
- Studenten kjenner eit utval litterære tekstar til både personleg vekst og undervisningsbruk
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- Studenten kan analysere og diskutere engelskspråklig litteratur, kultur og samfunn i eit globalt perspektiv på ein kritisk måte
- Studenten kan bruke kunnskapen sin om engelsk språk, litteratur og kultur, og didaktikk til å legge til rette for god språklæring og læring om andre kulturar
- Studenten kan bruke IKT for å fremje språklæring
Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevane si utvikling i engelskfaget
Emnet er nettbasert med to 2-dagars samlingar i Volda kvart semester + ei vekessamling i York. Samlingane har obligatorisk oppmøte. Studentar som kan dokumentere gjennomført vekessamling i York i samband med tidlegare gjennomført engelskstudium får denne samlinga omgjort til eit ekstra arbeidskrav. HVO dekkjer overnatting og kursavgift på samlinga i York. Nettundervising vert gitt i læringsportalen Fronter og Adobe Connect.
For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav knytt til emnet vere oppfylt.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera og hovudtelefon med mikrofon.
Då opptak på studiet føreset fullført lærarutdanning, er det ikkje krav til praksis i studiet.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)