Sjå liste over studieplanar som starter på:

Mat, kultur og konservering

Program of study: 
Food, Culture and Preservation
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2020
Number of students: 
20
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar og ferdigheiter om norsk matkultur og korleis denne har utvikla seg frå førhistorisk tid og fram til i dag. Studentane vil møte fagområdet gjennom både teoretiske og praktiske tilnærmingar. Mat og matkultur er ein del av menneska sin identitet, tradisjonar og tilhøyrsle, og viser seg gjennom våre liv og samfunn. Den generelle samfunnsutviklinga, teknologiske nyvinningar og ulike konserveringsmetodar har prega både mat og matkultur. Kultur, nasjonalitet og religion er også med å påverke mat og måltid. Studiet har difor ei tverrfagleg tilnærming til mat, der fag som mat og helse, historie/etnologi, naturfag, samfunnsfag og religion er aktuelle fagområde.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Etter fullført emne skal studenten 

  • forstå matkulturomgrepet og konserveringslære, og beskrive korleis maten har utvikla seg opp gjennom tidene
  • beskrive mattradisjonar i Norge før og no og planlegge matformidlingsaktivitet
  • forstå, anvende og produsere konserverte produkt som frukt, bær, grønsaker, kjøt og korn
  • forklare samanheng i levesett og korleis teknisk, økonomisk og kulturell utvikling har fått konsekvensar for konservering av mat og den maten vi et i dag
  • forstå og forklare julefeiring og julemat i eit historisk og kulturelt perspektiv
  • forstå handlingsboren kunnskap om mjølk- og mjølkeprodukt og tradisjonsoverføring av desse
  • forstå norsk fiskerihistorie og forklare ulike konserveringsmetodar av fisk  
  • forstå samanhengen mellom mat og religion, og forklare drikkeskikkar i historisk og kulturelt perspektiv
  • samanlikne mat frå ulike perspektiv og kulturar
  • produsere og eksperimentere med vårens ville vekstar og forklare forhistorisk mat

 

Learning outcome skills

Etter fullført emne skal studenten

  • anvende konserveringsmetodar som sylting, safting, tørking og hermetisering av frukt, bær og grønsaker
  • planlegge og gjennomføre mataktivitetar med barn og vaksen der formidling, praktisk arbeid eller demonstrasjon står sentralt
  • forstå prosessen med heimeslakting som gamal tradisjon og vite korleis slakting, partering, salting og tørking av kjøt går føre seg
  • utføre arbeidsprosessen med koking av søst, baking av lefser og flatbrød på takke
  • utføre og løyse oppgåver knytt til tradisjonell norsk julemat, som konserverte kjøtrettar, lammerull, syltaflesk, leverpostei og ulike slag spekemat
  • produsere ulike mjølkeprodukt som smør, ferskost, kvitost og brunost
  • produsere tradisjonell fiskemat som skreimølje, kams, fiskebollar, fiskekaker, blandaball
  • utføre jødisk påskemåltid med jødiske matrettar og måltidsrituale
  • forstå og utføre iransk matkultur med Nowroz nyttårsfeiring og «Haft sin» bord
  • konstruere og bruke kokegrop til matlaging og organisere måltid ute

 

Learning outcome qualification

Etter fullført emne skal studenten

  • i samarbeid med andre utføre praktiske undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
  • samanlikne og stille spørsmål ved mat og matkultur før og no
  • reflektere, stille kritiske spørsmål og bedømme kjelder rundt ulike matkulturelle tema
  • utforme og utvikle blogg og matformidlingsaktivitet om handlingsboren og teoretisk kunnskap knytt til matkulturelle tema
  • i samarbeid med andre utføre praktiske undervisningsaktivitetar knytt til mat og matkultur
  • samanlikne og stille spørsmål ved mat og matkultur før og no
  • reflektere, stille kritiske spørsmål og bedømme kjelder rundt ulike matkulturelle tema
  • planlegge, utforme og utvikle ei sjølvvalt og individuell semesteroppgåve kring eit matkulturelt tema
Content structure

Studieprogrammet består av dei to emna Mat, kultur og konservering 1 (MKK101, haust) og Mat, kultur og konservering 2 (MKK102, vår) på 15 studiepoeng kvar. Undervisninga er i hovudsak organisert i samlingar med undervisning torsdag ettermiddag/kveld og fredag. I tillegg kjem eksamensdagar og frammøte i samband med arbeidskrav. Sjå semesterplanane for meir informasjon om innhald og organisering.

Mat, kultur og konservering
Navn: 
Mat, kultur og konservering
Course2020 Autumn2021 Spring
15
15
Professional training

Ei rettleidd og vurdert praksisperiode inngår som integrert del for studentar som tek studiet som del av ei grunnskulelærarutdanning. Studentar som ikkje skal ha praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid, sjå semesterplanane.

Expenses

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 900,- per emne, totalt kr. 1 800,-. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen. Studentane må sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.

Ansvarleg
Kari Ryslett, 700 75272, karir@hivolda.no