Forvaltningsarbeid, nettstudium
Studiet skal gi folk som driv med sakshandsaming eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. Studiet gir ei kort innføring i:
- offentleg forvaltning - prosessar og strukturar
- styring, kontroll, omstilling
- brukarorientering
- styringsmåtar i offentleg forvaltning
- økonomistyring og personaladministrasjon
- offentligrettslege emne (forvaltningsloven og arbeidsrett)
Studiet vil eigne seg for personer som arbeider i, eller tek sikte på å arbeide i, offentleg forvaltning. Studiet eignar seg også for personar i privat sektor som har behov for kunnskap om rettsreglar som styrer offentleg myndeutøving.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten·skal ha kunnskap om
- viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og korleis forvaltninga er organisert
- viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte
Studenten skal kunne
- gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar i forvaltninga·
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Studenten skal kunne vise evne til refleksjon og kritisk tenking rundt sentrale problemstillingar i forvaltninga.
- Nettleksjonar
- Streaming av enkelte førelesingar
- Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
- Diskusjonsforum på nettet
Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet føreset at studenten er aktiv i Canvas.
Course | 2021 Spring |
---|---|
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Kr 4.000,- i studieavgift