Sjå liste over studieplanar som starter på:

Forvaltningsarbeid, nettstudium

Program of study: 
Governance
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
15
Duration: 
1 semester
Year: 
2023
Number of students: 
50
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse

About

Studiet skal gi folk som driv med sakshandsaming eit vidare perspektiv og ei vidare kvalifisering i yrkeskarrieren. Studiet gir ei kort innføring i:

  • offentleg forvaltning - prosessar og strukturar
  • styring, kontroll, omstilling
  • brukarorientering
  • styringsmåtar i offentleg forvaltning
  • økonomistyring og personaladministrasjon
  • offentligrettslege emne (forvaltningsloven og arbeidsrett)

Studiet vil eigne seg for personar som arbeider i, eller tek sikte på å arbeide i, offentleg forvaltning. Studiet eignar seg også for personar i privat sektor som har behov for kunnskap om rettsreglar som styrer offentleg myndeutøving.

Learning outcome

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten·skal ha kunnskap om

  • viktige funksjonar i offentleg forvaltning· og om korleis forvaltninga er organisert
  • viktige forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar
  • viktige trekk ved samfunnsvitskapleg og juridisk tenkemåte 
Learning outcome skills

Studenten skal kunne 

  • gjere greie for sentrale element ved norsk forvaltning og vere i stand til å nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar i forvaltninga· 
  • reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep, og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne vise evne til refleksjon og kritisk tenking rundt sentrale problemstillingar i forvaltninga.

Content structure
  • Skriftlege nettleksjonar
  • Videoopptak av enkelte førelesingar
  • Tilbod om rettleiing på arbeidskrav
  • Diskusjonsforum på nettet

Det elektroniske klasserommet Canvas vert nytta til leksjonar, innsending av oppgåver, rettleiing og diskusjonsforum, og til utsending av informasjon. Studiet føreset at studenten er aktiv i Canvas.

Forvaltningsarbeid, nettstudium
Navn: 
Forvaltningsarbeid, nettstudium
Course2023 Spring
15
Expenses

Kr 4.000,- i studieavgift

Ansvarleg
Håkon Bø, hakon.bo@hivolda.no