Religion, kultur og samfunn, årsstudium, oppstart vår
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i årsstudium i Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
om religionar, livssyn, etikk og filosofi.
om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet
om religions- og livssynskritikk
om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
om heilage tekstar og religiøse praksisar
om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen
analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål
evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg
kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng
kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk
Studiet består av fem emne der studentane vél fire av dei. Undervisninga skjer gjennom førelesingar og seminar med ulike typar studentaktivitet. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.
Course | 2022 Spring | 2022 Autumn |
---|---|---|
Studentane skal velje to av tre emne i vårsemesteret | 30 | |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |