Rettleiings- og mentorutdanning 2
Målgruppa for studiet er førskule/barnehagelærarar og lærarar som skal vere rettleiarar/mentorar for nyutdanna kollegaer og/eller praksislærarar i barnehage, skule og vidaregåande opplæring. Kvaliteten i grunnutdanningane si praksisopplæring skal styrkast mellom anna ved å gi alle praksislærarar tilbod om opplæring i rettleiing. Studiet rettar seg også mot rettleiing av kollegaer og elevar/barn. Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Sentralt i studiet er styrking og utvikling av kommunikative ferdigheiter, relasjonskompetanse, refleksjon og analyse av eigen praksis som rettleiar. Innsikt i etiske dilemma og maktforhold i rettleiingssituasjonar er også sentralt i studiet. Vidare vert det lagt vekt på yrkesrolla i barnehage og skule, profesjonsidentitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap. Studiet gir innsikt i nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing.
I Nasjonale Retningsliner for grunnskulelærarutdanninga (KD, 2017) er det krav om at praksislærarar i grunnskulen skal ha gjennomført vidareutdanning i rettleiing på minimum 15 studiepoeng. Kravet om utdanning i rettleiing vil også gjelde praksislærarar i vidaregåande opplæring. I følgje Nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning (KD, 2018) er det krav om 30 stp. rettleiing for å vere praksislærar i barnehagen. Stortinget har vedteke at alle nyutdanna lærarar og barnehagelærarar skal få tilbod om rettleiing og utdanning av rettleiarar er eit av tiltaka for å sikre god rettleiing (KD 2018). Rettleiingsutdanninga er difor eit bidrag til å støtte begge desse tiltaka.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har kunnskap om:
- ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing i barnehage og skule
- studentar, nyutdanna og nytilsette sine særlege vilkår og utfordringar i barnehage og skule
- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i læraryrka
- rettleiing som grunnlag for læring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
Studenten kan:
- nytte forskingsbasert kunnskap om barnehage og skule i rettleiingssamanheng
- planlegge, gjennomføre og analysere rettleiing ut frå relevante faglege og teoretiske perspektiv
- støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
- ha ei kritisk haldning til eigen praksis i eit lærings- og danningsperspektiv
- utøve etiske vurderingar i samband med rettleiingsarbeidet
- nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling i organisasjonar
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar i skule og barnehage
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytte til rettleiingsfeltet
- kunne støtte og utfordre både studentar, nyutdanna og kollegaer i deira læring og deltaking i kollektive læringsprosessar
- kunne analysere og drøfte synspunkt og erfaringar med andre fagpersonar, og gjennom dette medverke til utvikling av god praksis
- ha grunnleggande forståing for rettleiing i som grunnlag for eigenutvikling og organisasjonsutvikling
Studiet er samlingsbasert. Det er obligatorisk frammøte til alle samlingar.
Course | 2022 Autumn | 2023 Spring |
---|---|---|
7.5 | 7.5 | |
Sum (15 total) | 7.5 | 7.5 |