Religion, kultur og samfunn, opne emne, nettstudium, oppstart vår
I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i nettstudiet Religion, livssyn og etikk kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
om religionar, livssyn, etikk og filosofi.
om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet
om religions- og livssynskritikk
om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn
om heilage tekstar og religiøse praksisar
om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen
analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk
evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål
evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg
kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk
kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt
kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng
kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk
Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas.
Course | 2022 Spring | 2022 Autumn |
---|---|---|
Studentane kan ta emna kvar for seg eller i ulike kombinasjonar | 30 | 30 |
15 | ||
15 | ||
15 | ||
15 | ||
Sum (60 total) | 30 | 30 |