Sjå liste over studieplanar som starter på:

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift

Program of study: 
Social Studies for Schools 2
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2022
Number of students: 
50
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning

About

Dette vidareutdanningstilbodet bygger på Samfunnsfag 1, og vektlegg i større grad djupnelæring. Det vil seie at det blir lagt stor vekt på å utvikle studentane si evne til å trekke linjer og bruke kunnskap på forskjellige måtar. Evne til å bruke teoretisk kunnskap i praktiske undervisningssituasjonar er særleg sentralt i emnet. Gjennomført Samfunnsfag 1 og 2 kvalifiserer studentane til opptak ved HVO sin erfaringsbaserte masterutdanning for lærarar, med fordjuping i samfunnsfag.

Emna i Samfunnsfag 2 gir større rom for fordjuping i utvalde geografiske område, historiske epokar og samfunnsfaglege prosessar. Emna opnar og for utvida forståing av samanhengar mellom teoretiske perspektiv og ulike læringsprosessar i skulen.         

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • Djupnekunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • Djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
  • Djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • Djupnekunnskap om sentrale føresetnader for og problemstillingar knytte til statsdanning, menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar
  • Djupnekunnskap om samane som urfolk og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
  • Djupnekunnskap om utvalde døme på samspelet mellom ressursfordeling, demografi, globalisering og berekraftig utvikling
  • Innsikt i sosiale og kulturelle faktorar som påverkar synet på kjønn seksualitet og kjærleik
  • Kunnskap om økonomiske strukturar, makt og marknad
  • Djupnekunnskap om utvalde døme på konfliktar og samarbeid i geografisk, historisk og samfunnsvitskapleg perspektiv
  • Kunnskap om didaktikk for den fleirkulturelle skulen
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis
  • Finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • Arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • Legge til rette for demokratisk praksis, utvikling av medborgarskap, samarbeid og konfliktløysing i skulen
  • Reflektere over samanhengar mellom dei forskjellige tematikkane i studiet
  • Legge til rette for gode læringsprosessar i den fleirkulturelle skulen
  • Bruke teoretisk kunnskap aktivt i eigen undervisningspraksis
  • Legge til rette for undervisning som fremmar kritisk refleksjon om tematikkane i emnet
  • Finne og vurdere kjelder og skrive ei sjølvstendig akademisk oppgåve
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • Legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål
  • Stimulere til kritisk tenking og kreativitet hos elevane
  • Bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen
  • Legge til rette for at elevane kan reflektere kritisk over spørsmål som gjeld globale samfunnsutfordringar
Content structure

Studiet er delfinansiert med studieavgift. 

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Nærare informasjon om arbeidskrav og eksamensform er tilgjengeleg i emneplanane. 

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift
Navn: 
Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift
Expenses

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Ansvarleg
Ådne Marius Meling, e-post: Adne.meling@hivolda.no