Sjå liste over studieplanar som starter på:

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift

Program of study: 
Social Studies for Schools 2
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2018
Number of students: 
80
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Generell studiekompetanse.

About

Dette studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. Fokus vert sett på ulike tidsepokar og ulike deler av verda. Dessutan står samspelet / konflikten mellom natur og samfunn sentralt. Studiet tek opp høgaktuelle tema som entreprenørskap, demokrati, politisk makt og politiske prosessar, barn og media, norsk etterkrigstid, geografi, historie og samfunnsforhold på Island, i Kina og Afrika. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
  • kunnskap om kart og kartbruk i skulen, næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
  • kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
  • kunnskap til afrikansk, islandsk og kinesisk historie, geografi og samfunnsliv
  • kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
  • kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
  • kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
  • kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
  • arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
  • planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
  • kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
  • reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
  • leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokrati
  • bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
  • gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
  • ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
  • reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
  • forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
  • kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
Content structure

Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv.

Studiet er eit nettstudium.

Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Canvas vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp, m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til. 

Skuleretta samfunnsfag 2, nettstudium m/avgift
Expenses

Kr 8.000 (kr. 4.000 pr. emne)

Anna
Studiet er for nettstudentar som gjennomfører det ved å nytte internett som kommunikasjonskanal. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. Canvas vert brukt aktivt m.a. til innlevering av skriftlege oppgåver, og forum for studiehjelp, m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til.
Ansvarleg
Elisabeth Teige, telefon: 70075295 epost: elisabeth.teige@hivolda.no