Vidareutdanning i musikk (vår)
Program of study:
Music, freestanding courses
Level of study:
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits:
15
Duration:
1 semester
Year:
2023
Number of students:
40
Type of study:
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
About
Musikk, vidareutdanning rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen, og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.
- MUS104 Musikk for barn og unge gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldresgruppa 6- 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Kurs i folkemusikk ved Ole Bull- akademiet på Voss inngår i studiet.(Sjå emneplan for nærare info)
Studenten skal få innføring i og tileigne seg kompetanse innan sentrale metodar og kunnskapsområde i musikk som gjer at ein kan bruke denne kunnskapen i samfunnsutviklande arbeid i skule, kulturskule, helsevesen, det frie kulturliv og privat næring.
Learning outcome
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Learning outcome knowledge
Studenten:
- har kunnskap om sentrale metodar innan musikkteori, musikkteknologi og musikkutøving
- har kunnskap om musikkens innverknad på mennesket og korleis ein kan bruke musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- har kunnskap om musikk som samfunnsfenomen
- har kunnskap om musikk og helse
Learning outcome skills
Studenten:
- kan utøve musikk, komponere og improvisere musikk og lage musikkproduksjonar gjennom tileigna kunnskapar innan lydproduksjon og lydredigering
- kan bruke eigne erfaringar med musikk og livshandtering i arbeid t.d. i helserelatert arbeid.
Learning outcome qualification
Studenten:
- kan bruke kunnskapar frå emna på ein sjølvstendig og reflektert måte og i eit samarbeid med andre
- kan reflekter over kunnskapen og eigen praksis på ein kritisk måte i yrkessamanheng.
Content structure
- Førelesingar
- Dialog gjennom samtale/refleksjon
- Gruppearbeid
- Utøving av musikk, individuelt og i grupper
- Individuelt arbeid
Vidareutdanning i musikk (vår)
Navn:
Vidareutdanning i musikk (vår)
Course | 2023 Spring |
---|---|
Valbare emner vår 2023 | 15 |
15 | |
Sum (15 total) | 15 |
Ansvarleg
Stein Helge Solstad