Sjå liste over studieplanar som starter på:

Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 1.-13. trinn (nettstudium)

Program of study: 
New Norwegian in education, Grades 1-13
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Credits: 
30
Duration: 
2 semesters
Year: 
2024
Number of students: 
45
Type of study: 
Further education (bachelor's degree level)
Study mode
Part-time
Admission and rating

Fullført lærarutdanning eller tilsvarande 

About

Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Læreplanen.

Studieprogrammet Nynorsk i opplæringa er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten har kunnskap om

  • den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk, tekst og litteratur spesielt
  • språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
  • læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekster på nynorsk
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
  • nynorsk språkdidaktikk inkludert språkbadsmetodikk
  • litteratur og litteraturformidling, med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
Learning outcome skills

Studenten skal

  • kunne utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • kunne arbeide med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i eit nynorskperspektiv
  • kunne leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
  • kunne leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving  
Content structure

Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.

Undervisninga er nettbasert og nyttar læringsplattforma Canvas. Kvart 15 studiepoengs-emne er delt i tre delemne med tilhøyrande pensum, digitalt undervisningsmateriell og skriftlege arbeidskrav. Ein sentral del av studiet er skriving på nynorsk, og studentane vil få rettleiing og vurdering frå faglærarar, i tillegg til å få og gje medstudentrespons.

Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk. Som avsluttande eksamen skal det leverast ei semesteroppgåve på om lag 3000 ord.

Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 1.-13. trinn (nettstudium)
Navn: 
Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 1.-13. trinn (nettstudium)
Course2024 Spring2024 Autumn
15
15
Professional training

Det er ikkje praksis knytt til studiet

Ansvarleg
Gudrun Kløve Juuhl