Sjå liste over studieplanar som starter på:

Helse- og sosialfag – master (deltid)

Program of study: 
Health and Social Sciences - master
Level of study: 
Master
Credits: 
120
Duration: 
8 semesters
Year: 
2025
Number of students: 
40
Type of study: 
Master
Study mode
Part-time
Admission and rating
  • Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
  • Cand.mag.- grad med relevant fagsamansetting.
  • Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.

For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, av desse må 20 studiepoeng vere på fordjupingsnivå.

Opptak til avsluttande metodeemne og oppgåveemne:

Alle studentar på mastergradsstudiet må søke undervisningsopptak til dei avsluttande emna Forskingsmetode og vitskapsteori, og Masteroppgåve. Dei obligatoriske emna, Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet, må vere fullførte med karakteren C eller betre for å få opptak til dei avsluttande emna. 

Studentar som har fullført masteremne utan å ha meldt seg på masterprogrammet, må søkje om opptak på programmet for å få tilgong til emna Forskingsmetode og vitskapsteori og Masteroppgåve.

About

Denne mastergradutdanninga passar for deg som vil vidareutvikle den analytiske, kritiske og praktiske kompetansen du treng for å møte utfordringar i det sosial- og helsefaglege feltet. Studiet har eit særleg fokus på meistring og myndiggjering/empowerment som analytisk omgrep og praktisk tilnærming i samhandling med brukarar og pårørande, og med andre profesjonsutøvarar.

Utdanninga gir deg kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til meistring og myndiggjering, både i direkte samhandling med brukarar og deira pårørande, og på strukturnivå.

Det obligatoriske emnet Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet rettar søkelys på den direkte samhandlinga mellom profesjonsutøvaren og menneske med ulike utfordringar og i ulike livsfasar. Kommunikasjon, brukarmedverknad, tverrprofesjonelt samarbeid og etikk er sentrale område her. I Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet får du auka innsikt i korleis sosiokulturelle forhold og prosessar verkar inn på helse og sosiale problem, samt på profesjonell praksis. Strukturar handlar her om kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspolitiske føringar.

Studiet vil bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, som kan styrke di profesjonsutøving.

Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere di mastergrad i ein av dei følgande tre profilane: 

  1. Rus og avhengigheitsproblematikk
  2. Folkehelse og helsefremmande samfunnsutvikling
  3. Meistring og myndiggjering 

Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår. Ved særskilt ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.

Learning outcome

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
  • omfattande innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, rettleiing og nødvendig hjelp
  • inngåande kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
  • kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
  • innsikt i det politiske, juridiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Learning outcome skills

Studenten skal 

  • ha inngåande ferdigheiter i å finne og gjere seg nytte av kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande og kurativt arbeid
  • kunne initiere FoU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
  • kunne utøve høg grad av analytisk kompetanse og fagleg skjønn
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • ha omfattande kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i samarbeid med ulike kategoriar brukarar
  • vere i stand til å initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål
Content structure

Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. 

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.

Studiet er totalt på 120 studiepoeng. Av dette er 75 studiepoeng obligatoriske og 45 studiepoeng valfrie. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (15 stp), Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (15 stp), Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 eller 45 stp) er obligatoriske. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet 30 studiepoeng.

I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet  Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og  får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt. 

Ved målretta val av valfrie emne, kan studentane velje profil på mastergraden. Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar. Det siste kan til dømes vere masteremne med tema som helsefremmande arbeid og fysisk aktivitet. Du kan også søke om å få godkjent relevante masteremne frå universitet eller høgskular i utlandet. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå. Ved pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like.

Val av profil gir kompetanse med innretning mot ulike delar av det helse- og sosialfaglege feltet. Fullført mastergrad gir også grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.

Helse og sosialfag – master (deltid)
Navn: 
Helse og sosialfag – master (deltid)
Course2025 A2026 S2026 A2027 S2027 A2028 S2028 A2029 S
Obligatoriske emne
15
15
Vel eit valemne kvart semester (maks 45 stp)
151515
 
15
 
1515
 
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Molde studieåret 2025/2026, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde
1515
 
1515
 
15
 
1515
 
1515
60 studiepoeng (inkludert MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI314/MEI315.
15
Vel anten MEI314 eller MEI315:
1515
 
Val av MEI314 krev 15 stp. tillegg av valemne, som bør takast i tredje studieår.
 
**1515
 
*151515
Ansvarleg
Silje Louise Dahl