Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering (deltid)
Denne mastergradsutdanninga skal mellom anna gi deg kompetanse i og kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidarar kan medverke til at pasientar/klientar meistrar oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar. Gjennom studiet utviklar du kompetanse i brukarretta kommunikasjon og informasjonsarbeid, tverrprofesjonelt samarbeid og relasjonsorientert klinisk arbeid som kan leggje grunnlag for læring, meistring og myndiggjering (empowerment). Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil.
Studiet er på 120 studiepoeng, der minimum 75 er obligatoriske og inntil 45 valfrie. Du kan velje blant godkjende emne ved Høgskulen i Volda og andre høgskular.
Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit tverrfagleg studiemiljø, som kan gi studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er ei viktig målsetting med studiet. Masterstudiet kan gjennomførast som heiltidsstudium over to studieår, eller som deltidsstudium, fortrinnsvis over fire studieår. Det er høve til å starte studiet både haust og vår, men dersom ein vil gjennomføre studiet som fulltidsstudent over to år, må ein starte i haustsemesteret. Alle emne med 15 studiepoeng vil gå over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng vil gå over to semester. Når det gjeld emna Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 evt. 45 stp) er undervisninga i emna integrert i fem vekesamlingar over to semester, slik at emna går parallelt siste studieår. Fulltidsstudentar som ønskjer valfritt emne på 30 stp, må dermed gjennomføre dette i første studieår. For å kunne tilpassast deltidsstudentar, vil kvart emne bli organisert med 3 vekesamlingar per semester, med fire undervisningsdagar og ein studiedag per samling. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og fulltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Fronter). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester. På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet vil det vere krav om 80% deltaking på samlingane.
Studiet er totalt på 120 poeng. Av dette er 75 poeng obligatoriske og 45 poeng valfrie. Emna MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (15 poeng), MEI302 Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (15 poeng), MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori (15 skrive masteroppgåve på 45 poeng (MEI305 Masteroppgåve (45 poeng)). Den valfrie delen av studiet vert då 30 poeng.
Studenten kan velje blant godkjente emne ved HVO og ved andre utdanningsinstitusjonar etter søknad og individuell vurdering. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå, eller alt vere godkjende som masteremne i andre mastergradsstudium. Om det førekjem ei viss pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like. Med tanke på internasjonalisering vil ein arbeide for å få etablert samarbeid med utdanningsinstitusjonar i andre land og at studentar skal kunne få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i andre land.
Fagansvarlege for masterstudiet er:
- Professor Tor Johan Ekeland, HVO
- Professor Kåre Heggen, HVO
- Professor Rune Kvalsund, HVO
- Professor Jan Inge Sørbø, HVO
- Professor Finn Ove Båtevik, HVO
Læringsutbytte må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- Kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
- Innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, veiledning og nødvendig hjelp
- Kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
- Kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
- Ha innsikt i det politiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
- Utnytte kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande arbeid
- Kunne initiere FOU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
- Studiet skal gi studentane kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar.
- Studiet skal også gjere dei i stand til å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål. Studentane skal etter utdanninga vite
Bakgrunn
Forholdet mellom profesjonsutøvarar og klientar/pasientar er i endring. Profesjonsutøvarar i helse- og sosialsektoren må kommunisere med brukarane av ulike tenester. Det er eit aukande medvit om kor viktig samhandlinga og tillitsforholdet mellom den profesjonelle og mottakaren av ei teneste (pasient, klient eller pårørande) er. Relasjonen er viktig med tanke på å utnytte det potensialet pasient, klient eller pårørande ofte vil ha i forhold til å løyse, lindre eller førebygge det problemet som ligg til grunn for kontakten med hjelpeapparatet. Både i helse- og sosialsektoren kan møtet mellom systemet og enkeltpersonar vere avgjerande for begge partar si deltaking og engasjement i arbeidet med å finne løysingar på det underliggjande problemet.Medvitet om kor viktig denne relasjonen er, med tanke på å ansvarleggjere begge partane i eit samarbeid, har særleg vakse fram dei siste tiåra. Går ein attende i helse- og sosialprofesjonane si historie, var dei tidlegare meir prega av forholdet mellom ein suveren ekspert og ein passiv pasient eller klient. Det eksisterte ein sterk tillit blant folk flest til at profesjonane i velferdsstaten kunne løyse folks helse- og sosialproblem. Auka opplysning og høgre allment kunnskapsnivå har medverka til svekking av ekspertane sin autoritet og ei oppfatning om at fleire må delta i avgjerdene for å finne gode løysingar.Slike endringar har kome til uttrykk i diskusjonar i både helse- og sosialsektoren. Dette er konkret uttrykt i helselovgjevinga, der t.d. dei nye helseføretaka har fått ei ny oppgåve. Dei skal ikkje berre drive god medisinsk behandling, undervisning og forsking, men også pasient- og pårørandeopplæring. I følgje det nye lovverket har mange pasientar rett på ein individuell plan og rett til å påverke sin eigen behandlingsprosess på bestemte vilkår. Også i sosialsektoren har ein sett liknande diskusjonar, med auka vekt på relasjonskompetanse og myndiggjering (empowerment), som inneber større vekt på å skape relasjonar som sikrar klientane sine vilkår for å engasjere seg med utgangspunkt i eigne interesser.
Hovudinnhaldet i studiet handlar om relasjonen mellom hjelpar og hjelpetrengande/pårørande, kva læring, brukarmedverknad og meistring handlar om på ulike felt, korleis ein handterer informasjonsbehov og kommunikasjon, kva slags etiske spørsmål denne relasjonen reiser, og korleis behova for innsikt, deltaking og meistring kan variere i ulike livsfasar (eit livsløpsperspektiv) og på ulike område. Førebyggande perspektiv har ein sentral plass i studiet. Det dreiar seg om meistring blant personar og grupper som er akutt eller kronisk sjuke eller som har omfattande sosiale vanskar, men også om å bruke denne kunnskapen i eit målretta førebyggande arbeid, dvs til å få innsikt i samanhengar mellom t.d. sosial ulikskap og helse-/sosialproblem, i samanhengar mellom livsstil og helse-/sosialproblem og i strategiar for førebygging av problemutvikling. Funksjonshemming er eit anna viktig stikkord. Studiet vil rette merksemd mot førebygging og meistring av problemtilstandar blant folk med ulike former for funksjonshemmingar.
Masterstudiet sin intensjon er å rekruttere studentar med grunnutdanning og gjerne også praktisk erfaring frå anten sosial-eller helsesektoren. Ei studentgruppe med ulik utdanningsmessig- eller yrkesmessig erfaring vil utgjere eit spennande dynamisk element i studiet.
Sentrale kunnskapsområde
Utdjupinga av sentrale omgrep og kunnskapsområde er framstilt samla i denne innleiande delen av studieplanen. Framstillinga kan samtidig sjåast som innleiing til dei obligatoriske masteremna – kortare utforma i strekpunkt i emneomtalane.Meistring og myndiggjering er kjerneomgrep i studiet.Meistring er viktig i forhold til personar i alle delar av livsløpet (barn, ungdom, eldre, funksjonshemma) når det gjeld å handtere typiske utfordringar i den livssituasjonen dei er i. Det handlar både om korleis ein faktisk meistrar utfordringane i kvardagen, men også om korleis ein opplever å meistre tilværet. Omgrepet er særleg utvikla innan psykologi, og særleg knytt til personar sine reaksjonar på stress og trugande situasjonar. Det er viktig å setje seg inn i denne tradisjonen, men også i nyare sosiologiske perspektiv som i større grad vektlegg omgrep som makt, kontroll, kontekst og sosial kapitalsett i forhold til meistring. Myndiggjering (empowerment) er nærare knytt til makt, politikk og overføring av makt, dvs at folk kan ta ansvar sjølve og at dei som individ eller gruppe får auka kontroll med sitt eige liv. Sett frå hjelpeapparatet handlar det m.a. om å starte prosessar, framskaffe virkemiddel og stole på at individ eller grupper sjølve kan medverke til å betre eigen situasjon i dei tilfella der dette er realistisk.
Kommunikasjon er eit overordna og gjennomgåande perspektiv som vil bli tatt opp i undervisninga på ulike nivå. På makronivået vil dette gjelde tilhøva mellom sosial strukturar, system og kommunikative prosessar; t.d. når det gjeld kulturelle endringar (verdiar, haldningar, livsstil etc.), men også endringar i organisasjonane innan helse- og sosialsektoren. Spesifikt vil ein ta opp medium/massekommunikasjon og befolkningsretta informasjonstiltak når det gjeld helse- og sosiale problem. På mikronivået, i møtet mellom pasientar/brukarar og profesjonelle hjelparar, er kunnskap om kommunikasjon avgjerande for å realisere målsettingar om samarbeid og medverknad. Det blir her lagt vekt på korleis ein utviklar nødvendige føresetnader for at profesjonelle tenester og brukarane sine eigne meistringsressursar kan spele saman på ein problemløysande og helsefremjande måte. Munnleg og skriftleg språk er ein av dei viktigaste reiskapane i kommunikative prosessar. Studentane skal lære å analysere ulike tekstar og diskursar med utgangspunkt i eksplisitt formulerte teoriar om kommunikasjon, meining og kontekst.
Studiet legg vekt på Læring og pedagogikk ved at studentane lærer å analysere og forstå læring både gjennom innføring i ulike læringstradisjonar og ved å bruke omgrep frå sentrale læringsteoriar. Eit samfunn som er karakterisert ved omfattande institusjonalisering og som i aukande grad blir fleirkulturelt, gir nye analytiske utfordringar når ein skal forstå læringsprosessar. Pedagogikken gir oss omgrep og kunnskapar til å analysere både individuelle og kollektive læringsprosessar i ulike former for praksisfellesskap i barnevern, sosialt arbeid, utdanning og helsearbeid. For å kunne skilje mellom ulike læringsprosessar må vi forstå dei historisk: Resultat blir rekonstruert ved at vi identifiserer kva vilkår som låg til grunn, kvar i livsløpet deltakarane var og kva prosessar desse vilkåra verka gjennom. Samhandling, rettleiing og læring krev også analysar av både det som er og det som bør vere – dei faktiske, men og dei normative og etiske sidene ved samhandling. Myndiggjeringav den enkelte som mål for læringsprosessane, krev sjølvrespekt, tillit, inkludering og gjensidig anerkjenning mellom aktørane som samhandlar
Livsstil og levekår varierer også mellom ulike befolkningskategoriar. Det gjeld for eksempel kosthald, fysisk aktivitet og forhold til rusmiddel. Denne kunnskapen må studentane tileigne seg for at dei seinare kan formidle nøktern informasjon på ein slik måte at ansvaret for levekår og helse ikkje berre blir plassert hos individ, men også hos politiske styresmakter på ulike nivå. Helsetilstand og eksponering for sjukdom eller sosiale vanskar endrar seg stadig. Det gjeld heilt frå fosterliv – via barndom, ungdomstid og vaksenliv – til alderdom. Helseforholda og risikobiletet skiftar også frå epoke til epoke. Dermed er livsløpsperspektivet nyttig for å gi kunnskap om korleis dette endrar seg historisk og mellom generasjonar. Dette er kunnskap som i lag med innsikt i relasjonar, kontekstar og strukturar er viktig for å medverke til å meistre sjukdom og sosiale problem.
Ved å legge vekt på Vitskapsteori og kunnskapssyn skal studiet medverke til at studentane skal kunne reflektere kritisk både over korleis kunnskap vert skapt og teken i bruk, og vise atvitskapsteori er eit relevant grunnlag for både forsking og yrkesutøving. Det vil særleg bli lagt vekt på kunnskapsteoretiske problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom ulike kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar i helse- og sosialsektoren, og praksisutøving som høvesvis har instrumentelle eller kommunikative føremål. Vitskapsteori og kunnskapssyn vil såleis vere tema i alle dei tre obligatoriske fagemna: Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet, Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet og Forskingsmetode og vitskapsteori.
Nært knytt til ulike kunnskapssyn er også etiske utfordringar. Studiet skal gi kunnskap om, og utvikle forståing for, etiske utfordringar og dilemma som knyter seg til relasjonen mellom hjelpar og hjelpetrengande i helse- og sosialsektoren. Det handlar om rammevilkår knytt til systemforhold, men også etiske utfordringar i meir avgrensa sosiale relasjonar. Eit særleg fokus skal rettast mot utfordringar som arbeidet med informasjon og opplæring overfor pasientar/klientar og pårørande medfører. Tematikken skal drøftast i lys av både klassiske etiske teoriar, ulike utgåver av menneskesyn og aktuelle profesjonsetiske perspektiv.
Strukturen i studiet
Studiet er totalt på 120 poeng. Av dette er 75 poeng obligatoriske og 45 poeng valfrie. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (MEI301), 15 stp, Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303),15 stp og Masteroppgåve (MEI304), 30 stp er obligatoriske. Det er høve til å skrive Masteroppgåve (MEI305) på 45 stp. Den valfrie delen av studiet vert då 30 poeng.
Studenten kan velje blant godkjente emne ved HVO og ved andre utdanningsinstitusjonar etter søknad og individuell vurdering. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå, eller alt vere godkjende som masteremne i andre mastergradsstudium. Om det førekjem ei viss pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like. Med tanke på internasjonalisering vil ein arbeide for å få etablert samarbeid med utdanningsinstitusjonar i andre land og at studentar skal kunne få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i andre land.
Det valfrie emnet LIH301 Ledelse i helse - og sosialtjenesten blir gitt i samarbeid mellom utdanningsintitusjonane i Molde, Volda og Ålesund. I studieåret 16/17 er tilbodet lagt til Høgskolen i Molde. Emnet er førehandsgodkjent for innpassing i mastergraden.
Organisering og studieform
Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit tverrfagleg studiemiljø, som kan gi studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er ei viktig målsetting med studiet. Masterstudiet kan gjennomførast som heiltidsstudium over to studieår, eller som deltidsstudium, fortrinnsvis over fire studieår. Det er høve til å starte studiet både haust og vår, men dersom ein vil gjennomføre studiet som fulltidsstudent over to år, må ein starte i haustsemesteret. Alle emne med 15 studiepoeng vil gå over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng vil gå over to semester. Når det gjeld emna Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 evt. 45 stp) er undervisninga i emna integrert i fem vekesamlingar over to semester, slik at emna går parallelt siste studieår. Fulltidsstudentar som ønskjer valfritt emne på 30 stp, må dermed gjennomføre dette i første studieår. For å kunne tilpassast deltidsstudentar, vil kvart emne bli organisert med 3 vekesamlingar per semester, med fire undervisningsdagar og ein studiedag per samling. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og fulltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Fronter). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester. På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet vil det vere krav om obligatorisk frammøte i den første samlingsveka.
Course | 2017 A | 2018 S | 2018 A | 2019 S | 2019 A | 2020 S | 2020 A | 2021 S |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1. STUDIEÅR | ||||||||
15 | ||||||||
15 | ||||||||
2. STUDIEÅR - Min. 30 stp. valemne: | 15 | 15 | ||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
Emnet LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten kan også veljast og vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Ålesund studieåret 2018/2019, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved NTNU Ålesund | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | 15 | |||||||
3. OG 4. STUDIEÅR | 15 | 15 | 15 | |||||
60 studiepoeng (inkluderet MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI304/MEI305. | ||||||||
15 | ||||||||
Vel anten MEI304 eller MEI305: | ||||||||
15 | 15 | |||||||
15 | 15 | 15 | ||||||
Val av MEI304 krev 15 stp. tillegg av valemne og som bør takast i tredje studieår. | ||||||||
Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.