Forsking og utvikling

  • Oppstart i Forum for livsløpsforsking

    Publisert

    Forum for livsløpsforsking skal vere ein møteplass for fagfolk som er interesserte i livsløpsteori og longitudinell forsking. På kvart møte vil førelesarar frå HVO eller eksterne fagmiljø innleie til diskusjon.

  • Siv M. Gamlem med fokusartikkel i Routledge

    Publisert

    Ein av artiklane i samband med doktorgradsarbeidet til førsteamanuensis Siv M. Gamlem er valt ut av forlaget Routledge som fokusartikkel for august og september 2014.

  • Forskingdagane: Ung på Sunnmøre 2014

    Publisert

    Ein ny og utvida rapport under prosjektet "Ung på Sunnmøre" vart lagt fram under eit arrangement under HVOs forskingsdagar lagt til Herøy 23. september.

  • FoU-prisen til «Media and the Second Cold War 1975-1991»

    Publisert

    Den niande Forsking– og utviklingsprisen ved Høgskulen i Volda vart i dag delt ut til prosjektet «Media and the Second Cold War 1975-1991» ved Avdeling for mediefag under opninga av Forskingsdagane 2014.

  • Internasjonalt forskingssamarbeid

    Publisert

    Forskarar frå Høgskulen i Volda har nyleg vore i Porto og lagt fram forsking frå prosjektet "Sårbare unge vaksne" i høve "European Conference on Educational Research".

  • Urban Dahllöf, 1928-2014

    Publisert

    Professor Urban Dahllöf døydde 28. august. Han var ein av dei mest markante svenske pedagogane frå 1960-talet og utover som professor først i Gøteborg, seinare i Uppsala. Han vart i 1990-åra også ein svært viktig fagperson og kollega for mange ved Høgskulen i Volda og Møreforsking.

  • Avdeling for mediefag evaluerer nettavis

    Publisert

    Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har fått i oppdrag å utrede Høgskolen i Oslo og Akershus uavhengige nettavis Khrono.

  • Velkomen til Forskingsdagane 2014

    Publisert

    19.–23. september arrangerer Høgskulen i Volda Forskingsdagane 2014. I år kan du mellom anna delta på jazzseminar, oppleve Pecha Kucha-kveld på Rokken og smake tradisjonsrik mat på Volda Bygdetun. Du kan også få med deg mange spanande foredrag og faglege innslag frå fagfolk ved høgskulen som formidlar frå forskinga si.

  • Seminar om risikokommunikasjon og krisehandtering

    Publisert

    Tysdag 23. september under Forskings­dagane 2014 vil fagmiljøa i Ålesund og Volda halde fem korte foredrag med nye og klassiske case over kommunikasjon av risiko og handtering av kriser. Seminaret er støtta av VRI-prosjekta i Møre og Romsdal.