Forsking og utvikling

  • Høgskulane samlar seg om forskaropplæring

    Publisert

    Høgskulane og andre forskingsmiljø i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal står bak Fjordkonferansen i Loen 20. og 21. juni 2013. Fjordkonferansen 2013 skal vere eit tilbod for fagleg tilsette som enno ikkje er publiseringsaktive.

  • Nytt masterstudium for lærarar

    Publisert

    Frå hausten 2013 kan Høgskulen i Volda tilby ein splitter ny master: Master i undervisning og læring. – Den nye masteren gir høve til spesialisering innan spesialpedagogikk, norsk eller matematikk. For første gong kan vi dermed tilby ei utdanning for lærarar på toppnivå også innan skulefaga, seier professor i pedagogikk, Peder Haug.

  • Ny bok: «Frå tare til topp»

    Publisert

    Førstelektor Frode Sætre ved Seksjon for idrett og friluftsliv og redaktøren i avisa Møre Tore Aarflot har gitt ut boka «Frå tare til topp». Boka gir tips og kunnskap om turar og opplevingar på dei såkalla Sørøyane på Sunnmøre.

  • Stolen Moments med ny CD

    Publisert

    Det Volda-baserte jazzbandet Stolen Moments der fleire medlemmer har tilknyting til Høgskulen i Volda, gir no ut si andre plate. – Ensembleopptaka til «2. sett» vart gjort i lokale her ved høgskulen, seier bassist og høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkseksjonen ved Avdeling for kulturfag.

  • Ny møteplass for forskings- og utdanningsmiljøa

    Publisert

    For å samle forskings- og utdanningsmiljøa i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har høgskulane og Møreforsking teke initiativ til å arrangere Fjordkonferansen. Konferansen vil bli halden 20. - 21. juni 2013 på Alexandra hotell i Loen.

  • Vellukka rettleiingskonferanse

    Publisert

    Den åttande nasjonale rettleiingskonferansen vart avvikla i Ålesund, 28.-29. september. Høgskulen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda stod som arrangørar av konferansen som samla i alt 90 deltakarar frå høgskule og universitetsmiljø frå heile landet.

  • Historieseminar

    Publisert

    Arbeidet med Fylkeshistoria i Sogn og Fjordane vert presentert på eit seminar i Florø fredag 2. november. På seminaret vil ein få eit første glimt av historia og kva tankar historikarane gjer seg om vegen vidare. – To forfattarar ved Historisk institutt er med og skriv denne fylkeshistoria, seier førsteamanuensis Arnfinn Kjelland ved Høgskulen i Volda.

  • Fjerde utgåve av «Livssyn»

    Publisert

    "Livssyn" kom ut første gongen i 1982. – Denne fjerde utgåva er grundig bearbeidd og oppdatert. Boka har vore flittig bruka som grunnbok i livssynskunnskap innanfor KRL/RLE i lærarutdanning og universitetsstudium og er framleis aktuell for dette, seier forfattar og professor Per M. Aadnanes ved Høgskulen i Volda.

  • Fem HVO-lærere har skrevet bok om nyheter

    Publisert

    Hva er en god nyhetssak? Hva mener redaktører og journalister i de ledende nyhetsredaksjonene når de snakker om «en god sak»? Hvilke kjennetegn har en slik sak? Slike spørsmål forsøker en gruppe lærere ved journalistutdanningen i Volda å gi svar på i en ny bok som nettopp er kommet.