Lærarutdanninga

  • - Målet er å få fleire kvalifiserte førskulelærarar

    Publisert

    Gerd Sylvi Steinnes, studieleiar ved førskulelærarutdanninga i Volda meiner det er ein god idé å vidareutdanne assistentar som allereie finst i barnehagen. - Kommunen bør legge til rette for dette, uttalar ho til nrk.no. I Sande kommune vert assistentane i barnehagane tilbodne deltidsutdanning.

  • Friluftsliv for våghalsar - og for barnefamiliar

    Publisert

    Torsdag 7. feb. kjem eventyraren Stein P. Aasheim til høgskulen med føredraget ”Friluftslivet sine gleder”. - Eg har vore mykje på tur og har mykje på hjartet. Aasheim er medlem av Avdelingsrådet ved Avdeling for kulturfag, og understrekar at føredrag er aktuelt for alle turinteresserte.

  • Skuleforskarar ved Statsministeren sitt bord

    Publisert

    Sist veke var dei fremste skuleforskarane i landet kalla inn til samtale med statsministeren og utdanningsministeren. Frå Høgskulen i Volda var professor Peder Haug representert. – Samtalane gjekk konkret på dei utfordringane som norsk skule har i dag, og spesielt i samanheng med debatten på nyåret. (Foto: SMK)

  • Kaarstadbygget gjestar God morgen, Norge! i dag

    Publisert

    I dag, fredag 18.1, er Kaarstadbygget gjester i God morgen, Norge! på TV2 kl. 07.35 og 08.15. Koret Kaarstadbygget er samansett av tidlegare studentar ved lærarutdanninga i Volda, og har teke namnet sitt frå det ærverdige Henrik Kaarstad-huset, der Avdeling for Kulturfag no held til.

  • Seksjon for idrett og friluftsliv - med nytt namn!

    Publisert

    Seksjon for idrett og friluftsliv får nytt namn frå haustsemesteret, og vil ikkje lenger heite Seksjon for kroppsøving og friluftsliv som tidlegare. Seksjonen har meir enn 35 års erfaring med høgskuleutdanning innan idrett, leik og friluftsliv.

  • Dramastudentane set opp Eit julekvad av Dickens

    Publisert

    Dramastudentane ved Høgskulen i Volda vil i år setje opp ”Eit Julekvad” (A Christmas Carol) av Charles Dickens. - Med oss har vi fått ei gruppe frå musikklinja ved Volda vgs, under leiing av Stein Helge Solstad, melder Marit Ulvund som står for regien.

  • Nytt emne til våren: Retorikk og forteljing

    Publisert

    Tysdag 27. nov. kl. 14.00 vert det halde informasjonsmøte om retorikk og forteljing, eit nytt emne i dramautdanninga, melder fagansvarleg Marit Ulvund. Ho vil stå for orienteringa, som vert halden i Berte Kanutte-huset, rom 157, ved Høgskulen i Volda.

  • Dramautdanninga set opp klassikaren ”Vente på Godot”

    Publisert

    Drama fordjupingsstudium ved Høgskulen i Volda presenterer ”Vente på Godot”, fritt etter Samuel Beckett sin klassikar, melder Tone Rustestuen ved dramautdanninga. - Ved bruk av galgenhumor og klovneaktig spelestil ønskjer vi å underhalde, men også å framheva det absurde og det umoglege i menneskeleg kommunikasjon. Framføringa er ein del av eksamen for studentane, og vert halden tysdag og onsdag komande veke.